Vintertur 10. trinn

. i kategorien Informasjon

Oversikt leir

Førre veke var heile 10. trinn på vintertur i Grøndalen. A og D klassa reiste opp onsdagen og måtte då lage til leiren. Dei sette opp telta sine og det skulle gravast både bålgrop og latrine.  Ein fantastisk dag i strålande sol!

Torsdag måtte telta ned før B og C klassa kom opp. Denne dagen var vêret meir variabelt, men snøbygene sette ingen dempar på humøret.

Alle elevane fekk lære å lage nødbivuakk, øve på førstehjelp, vurdere skredfare og dei svarte på ulike spørsmål i ein natursti.

Mange nytta høvet til å øve seg på ski med hopping og ulike sprell. Andre var opptatt med kreative byggverk i snøen, det vart laga både snøholer, iglo, borger og diverse tunellar.

Fredag skulle leiren ryddast; latrina, snøholene og tunellane måtte fyllast, noko som vart ei utfordring i og med at det hadde frose på i løpet av natta.

Dette var ei flott oppleving for både elevar og lærarar!

9. mars

. i kategorien Informasjon

Onsdag den 9. mars er det elevfri dag. Lærarane har intern planleggingsdag.

Juleball

. i kategorien Informasjon

Det er snart jul, og det er tid for juleball på EUS. Den 10. desember blir det arrangert juleball på Nordfjord Hotell. Frist for påmelding er torsdag 26. november. Elevane har fått med seg skriv heim om juleballet, men du finn det også her. Då håper vi at så mange som mogleg har høve til å gå på juleballet. 

Besøk av forsvaret

. i kategorien Informasjon

Onsdag 28. oktober hadde 10. trinn besøk av forsvaret. Alle var samla i idrettshallen der dei mellom anna fekk informasjon om kva utdanning ein kan ta i forsvaret. Dei fekk i tillegg på seg uniform og vart delt inn i lag som skulle løyse ulike samarbeidsoppgåver.027

Besøk av forsvaret

. i kategorien Informasjon

Onsdag 28. oktober fekk 10. trinn besøk av forsvaret. Alle elevane var samla i idrettshallen. Der fekk dei på seg uniform, før dei vart inndelt i lag som skulle gjennomføre ulike samarbeidsoppgåver. 

027

8.trinnet sitt årsmøte

. i kategorien Informasjon

Tysdag 14.april skal 8. trinn ha årsmøtet sitt.Først blir foredrag om rus ved Per Ståle Husevåg for dei føresette i auditoriet. Deretter blir det informasjon og underhaldning ved elevane i mediateket, før vi avsluttar med mat og gruppediskusjonar om skulemiljøet. Årsmøtet startar kl. 19.00. Vel møtt! 

Utdanningsval - arbeidspraksis

. i kategorien Informasjon

Arbeidspraksis for 9. klasse ved Eid ungdomsskule.

Faget utdanningsval omfattar både ein teoretisk og ein praktisk del. Den praktiske delen av faget går ut på at eleven er ute i arbeidslivet 4 dagar i 9. klasse, i tillegg til praksiserfaring frå partnarskapsbedriftene.

MÅL med arbeidspraksisen

Den praktisk delen av faget utdanningsval skal vere med på å gje eleven

  • praktisk røynsle med arbeidsrytme og miljø på ein arbeidsplass
  • kjennskap til organisasjonane i arbeidslivet
  • grunnlag for å planleggje vidare utdanning og val av yrke.
  • Eleven skal ikkje ha lønn.
  • Fråvære skal meldast av eleven til skulen og arbeidsplassen.
  • Så langt råd er, vil ein lærar besøkje elevane ute på arbeidsplassane.
  • Skulen ber bedriftene om å ta kontakt om noko skulle vere uklart kring organiseringa og gjennomføringa av arbeidsveka.
  • Likeeins ber skulen bedriftene om at ein har ein lav terskel for å ta kontakt om det skulle vere noko ein lurer på eller ikkje er nøgde med

Innhald og gjennomføring

Praktisk yrkesorientering kan ha ulike former. Det mest vanlege er at eleven er med i arbeidet på ein arbeidsplass / ei bedrift.

Det bør og leggjast vekt på at eleven får høve til å vere med i utradisjonelle og varierte arbeidsoppgåver både med omsyn til kjønn og typen av arbeidsplass.

Ansvar og forsikring

Det er arbeidsstaden som har ansvar for at eleven ikkje blir sett til oppgåver som bryt med arbeidsmiljølova.

Grunnskuleelevar er yrkesskadetrygda etter § 11 i lov om folketrygd.

Val av yrke / bedrift

Så langt råd vert eleven tildelt praksisplass i samsvar med eleven sine ønskjer.

Når skulen har sett opp eit oversyn over praksisplassane, får elevane og foreldra same informasjon som bedriftene. Då dei ulike bedriftene har svært ulike tidspunkt for kva tid elevane skal møte opp, har elevane fått i oppdrag å kontakte bedriftene for å avtale oppmøtetidspunkt og arbeidstid.                            

Kontaktperson og arbeidstid

På arbeidsplassen bør bedrifta peike ut ein som er kontaktperson for eleven og som tek seg av eleven.

Eleven følgjer den ordinære arbeidstida på arbeidsplassen. Det kan sjølvsagt vere unntak, til dømes i samband med skuleskyss.

 

Arbeid utanfor Eid kommune:

I samband med arbeidsveka i 9. klasse, kan eleven sjølv skaffe seg arbeid utanfor Eid kommune. Skulen gjer dykk merksame på at ved ein slik situasjon må føresette dekkje utgifter til reise og opphald. Skulen og arbeidsplassen har ansvar for eleven den tida han er på arbeid, men føresette må sjølve ta ansvar for eleven i tida utanom arbeidstida.

2. framandspråk, språkleg fordjuping og arbeidslivsfag

. i kategorien Informasjon

Orientering om val av 2. framandspråk, fagleg fordjuping eller arbeidslivsfag på ungdomstrinnet.

Før elevane startar på ungdomsskulen, må dei velje 2.framandspråk , språkleg fordjuping eller arbeidslivsfag. Dette er eit fag med 227 årstimar over 3 år. Dette vil seie ca. 2 skuletimar i veka.
Elevane har fått informasjon om dette då vi var rundt på barneskulane og snakka med elevane. Før ein tek eit val, er det viktig at elevar og føresette diskuterer kva val ein skal gjere.

Eid ungdomsskule har desse tilboda:

    • Framandspråk
      • Tysk
      • Fransk
    • Språkleg fordjuping
      • Engelsk fordjuping
    • Arbeidslivsfag

Framandspråk
Når vi lærer andre språk, får vi høve til å kome i kontakt med andre menneske og kulturar. Dette kan auke vår forståing for korleis andre menneske lever og tenkjer. Språkkompetanse gjev moglegheit for deltaking i internasjonale fora. I dagens samfunn med aukande globalisering og samhandling over landegrensene, er det svært viktig å kunne fleire språk.
Å lære eit framandspråk dreiar seg først og fremst om å bruke språket – å snakke, å lese, å lytte og å skrive.
For å få utbytte av opplæringa i framandspråk, er det svært viktig at eleven er motivert og innstilt på å jobbe hardt for å lære eit nytt språk .
For meir informasjon om framandspråk, sjå http://www.fremmedspraksenteret.no/
På denne nettsida finn de både brosjyrar for nedlasting og rundskriv frå kunnskapsdepartementet om språkval i ungdomsskulen. Sjå og brosjyre som elevane har fått utdelt i samband med skulebesøka no før påske.

Språkleg fordjuping
Fordjuping i engelsk og norsk skal leggje til rette for fagleg fordjuping og vidareutvikling av munnleg og skriftleg kompetanse i faget. Språkleg fordjuping skal bidra til større motivasjon, betre sjølvtillit og auka kompetanse i det språket som ein vel. Det vil bli arbeidd med grunnleggjande dugleikar som støttar opp om det ordinære faget (norsk eller engelsk).
Språkleg fordjuping høver best for dei elevane som vil auke kompetansen i norsk eller engelsk.

Arbeidslivsfag
Arbeidslivsfag er eit praktisk alternativ til framandspråk og språkleg fordjuping. Elevane skal jobbe praktisk med arbeidsoppgåver henta frå den yrkesfaglege delen av vidaregåande skule. Desse arbeidsoppgåvene blir sjølvsagt tilpassa evner og føresetnader til elevane på ungdomstrinnet.
I 8. og 9. klasse vil elevane få prøve ut dei ulike yrkesfaglege utdanningsprogramma. Skulen tek sikte på å arbeide med kvart utdanningsprogram i ca. 12 veker. I 10. klasse vil elevane få høve til å fordjupe seg i eitt eller to av utdanningsprogramma.
Arbeidslivsfag høver best for dei elevane som likar å jobbe med praktiske arbeidsoppgåver og som ser for seg at dei kjem til å velje eit yrkesfagleg utdanningsprogram på vidaregåande skule.
Arbeidslivsfag er eit forsøksfag i regi av utdanningsdirektoratet.

Konsekvensar av val.
Alle desse faga er i utgangspunktet like arbeidskrevjande, men vanskegrad, arbeidsmetodar og innhald vil sjølvsagt variere. Uansett kva val ein gjer, vil ein kunne søkje alle utdanningsprogram på vidaregåande skule.
Dei som vel å byrje på studiespesialiserande utdanningsprogram (studiespesialisering, musikk, dans og drama eller idrettsfag) på vidaregåande skule, må ha 2. framandspråk . Dei som har tysk eller fransk på ungdomsskulen, kan anten halde fram med språket i to år på vgs. (nivå ll) eller dei kan velje eit nytt språk i to år på vgs (nivå I - ein kan avslutte etter to år).
Om ein ikkje har framandspråk på ungdomsskulen og ein vel å starte på studieførebuande utdanningsprogram, må ein ha eit framandspråk i tre år på vgs. (Eid vgs. har pr. april 2014 planar om å tilby både tysk og spank som nybyrjarkurs). Dette vil få dei konsekvensane at eleven må ha framandspråk i tre år på vidaregåande, han får då ikkje får same valmoglegheit til å ta andre programfag det siste året på vgs.
På dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er det ikkje krav om eit andre framandspråk.

Tilbod ved Eid ungdomsskule.
I utgangspunktet tilbyr Eid ungdomsskule alle dei fem alternativa som er nemnt innleiingsvis, men tal elevar som vel eit fag, må vere stort nok i forhold til gruppe / klassestorleik for å starte opp.
Når det gjeld arbeidslivsfag, er tilbodet avgrensa til ca. 15 elevplassar. Om fleire elevar vel dette tilbodet, blir det loddtrekking.