Ekskursjonsplan

. i kategorien Informasjon

EKSKURSJONAR / TURAR / AKTIVITETAR/ ELEVARRANGEMENT

Følgjande ekskursjonar, med og utan overnatting, er lagt inn i planane med bakgrunn i fagplanane og generell del i forskrifta LK06 :

Klassesteg

Fag / Emne

Dagsturar/aktivitet

Overnattingsturar

8.trinn

Tid: Tidleg haust

Trivsel

Naturfag

Kunst og handverk

 

Bli kjent tur med overnatting i grendahus i nærområdet.

8. og 9.trinn

Teknologi, valfag

Lego-League

 

8. 9. og 10.trinn

Kroppsøving

Naturfag

Felles fjelldag i nærområdet

 

8.trinn

Bli kjent kveld

   

9.trinn

Kroppsøving

Naturfag

 

Telttur

9. trinn

Juleavslutning

Operahuset Nordfjord 

 

9.trinn

Norsk

Aasentunet

 

8. trinn

9. trinn

10. trinn

Kroppsøving

Skileik på Tua

Ordinær skidag

Harpefossen

Vintertur Heggjadalen

Lavvo

8. og 9.trinn

8. 9. og 10. trinn

Kroppsøving

Kroppsøving

Tinestafett (elevrådet)

Hornindal

Felles idrettsdag

 

10.trinn

Trivsel / Kultur

Avslutningsfest med program, utdeling av vitnemål og bevertning

Operahuset Nordfjord (elevane/skulen)

 

 

 

Eksamen

. i kategorien Informasjon

Datoar for eksamen våren 2018.

Opplysning om trekkfag: 9. mai kl. 09.00

Førebuing til eksamen:

  • Engelsk 24. mai
  • Norsk hovudmål og sidemål 28. mai

Skriftlege prøver:

  • 16. mai eksamen matematikk
  • 25. mai eksamen engelsk
  • 29. mai eksamen norsk hovudmål
  • 30. mai eksamen norsk sidemål

Opplysning om munnleg eksamen:

  • 11.06. kl. 09.00

Munnlege prøver:

  • 13. juni

Udir, eksamen grunnskule

Retningslinjer lokalt gitt eksamen i Nordfjord

Eksamensrettleiar (linken til Udir fungerar ikkje på IE, bruk heller Chrome eller Firefox)

Info om eksamen  Eid ungdomsskule

Føring av fråvær

Hjelpemiddel til eksamen - Lovlege IKT hjelpemiddel 

Reglar og rettleiing for elevar

Todelt eksamensmodell for matematikk. Du finn retningslinjer her.

Klage på vurdering.

Klage på standpunkt. § 5-12 

Informasjon om klagehandsaming frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane finn du her

Infoskriv til deg på 10. trinn frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane finn du her

Brukar du LingDys, LingRight eller Textpilot finn du info her

Ordensreglar

. i kategorien Informasjon

Ordensreglane gjeld:

· når elevane oppheld seg på skulen og skuleområdet før og etter skuleti
· på arrangement i skulens regi som turar m.m.
· på skulebussen og på skulevegen

Ordensreglane byggjer på vanleg skikk og bruk:
· vi legg vekt på at høfleg framferd og god omgangsform skal prege skulekvardagen
· elevane skal nytte innesko for å ta vare på  inneklimaet
· elevane skal henge frå seg yttertøy, hue og caps i garderobane
· elevane skal følgje skulen sine retningslinjer for bruk av datautstyr, jf. datareglement
· det er lov å nytte mobiltelefon eller mp3-spelar i timane når det er gjort spesiell avtale om dette i undervisninga

Aktivitetar og samvere i friminutt/pausar er viktige for skulemiljøet
· Du skal be om særskilt løyve til å forlate skuleområdet. Vi går til og frå idrettshallen på gangvegane like før og etter undervisninga

1. FOR Å UNNGÅ Å SKADE OSS SJØLVE ELLER ANDRE:

· viser vi omsorg for og respekterer kvarandre
· kastar vi snøball berre på eige avgrensa område vest for skulen / i bakken
· syklar vi eller brukar rollerblades berre på tilvist bane ved skulen

2. FOR Å HA DET TRIVELEG OG FINT PÅ SKULEN OG SKULEOMRÅDET:

· må vi hjelpe kvarandre med å halde orden ute og inne
· held kvar klasse orden på sitt uteområde

3. FOR Å KUNNE TA VARE PÅ HELSA:

· er det forbode å bruke tobakk, snus eller rusmiddel
· unngår vi å ete snop eller drikke brus i skuletida
Ved spesielle arrangement ved skulen kan ein etter avtale ta med snop og brus.

4. FORDI VI ER SÅ MANGE PÅ EIN STAD:

· må vi vente på tur og unngå knuffing'
· går vi roleg i gangane og held ro og orden
· skal det vere ro i klasserommet i friminutta

5. FORDI DET KOSTAR MYKJE Å DRIVE SKULE:

· tek vi godt vare på skulebøkene og anna skulemateriell, og har lås på garderobeskapa
· passar vi på at skulen vår ikkje vert tilgrisa eller øydelagt

Vi må stå til ansvar (også økonomisk) for skadar vi gjer på grunn av uansvarleg framferd.*
Det er sjølvsagt viktig at vi alle tek godt vare på verdisaker, og difor bør vi ikkje oppbevare  verdisaker verken på gangen, i garderoben på skulen eller i garderoben i idrettshallen

6. FORDI SKULELOVA SEIER AT ELEVANE HAR RETT OG PLIKT TIL Å FØLGJE UNDERVISNINGA:

· møter vi på skulen til fastsett tid
· er vi budd til undervisninga og har med oss skulesaker
Skulle noko vere ugjort eller gløymt, varslar vi om dette før undervisninga tek til.
· har vi med skriftleg melding dersom vi skal vere eller har vore borte frå skulen
· leverer vi skriftleg søknad om fri ( til kontaktlærar, rektor / kommunalsjef.) 

Eit skulesamfunn fungerer best når alle følgjer dei reglane som er bestemt. I eit samfunn har vi også mange uskrivne reglar; vanleg høfleg framferd, skikk og bruk.

FØLGJER
I skulesamfunnet får brot på ordensreglane følgjer, avhengig av grad av alvor:

 · rettleiing / samtale med faglærar / lærar med tilsyn
· samtale med kontaktlærar. Rådgjevar vert informert
· samtale med rådgjevar eller sosiallærar. Foreldre blir informert
· samtale med rektor/undervisningsinspektør
· vert du snakka til rette fleire gongar, vert det sendt melding heim pr brev, men
· ved grove brot på reglane, vert det straks sendt skriftleg melding heim
· ved særs alvorlege brot på skulen sine reglar, kan vedkomande bli utvist for inntil tre dagar
· brot på reglane kan også føre til at karakter i orden og / eller åtferd vert sett ned.

I vurderinga av orden og åtferd skal læraren ta omsyn til dei føresetnader eleven har, og til at elevane får ulik støtte og hjelp i heim og nærmiljø.


Når skulen vurderer orden, tek ein omsyn til ordensreglane med spesiell vekt på:
- om eleven kjem tidsnok, er førebudd til opplæringa og har med nødvendige læremiddel og utstyr, leverer arbeid til rett tid, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er.

Når skulen vurderer åtferd, tek ein omsyn til ordensreglane med spesiell vekt på:
- korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa t.d. i timane, friminutta, på skulevegen og arrangement i skulens regi som turar m.m. 
- at eleven viser omsyn og respekt for andre.

Det skal til vanleg ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar, unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. 

Fråvære kan føre til nedsett karakter i anten orden eller i åtferd
Gjentekne brot på ordensreglar kan føre til nedsett karakter i åtferd

 

 

 

Meir om vurdering av orden/åtferd:

Rektor har ordet

. i kategorien Informasjon

Til elevar, foreldre og lærarar!

Velkomne til eit nytt skuleår!

bilete_NorunnI år er vi 269 elevar fordelt på 8.trinn 94 elevar og 4 klasser, 9. trinn 91 elevar og 3 klasser og 10.trinn 84 elevar og 3 klasser. Kvar klasse på 8. 9. og 10. trinn har to kontaktlærarar som har ansvar for 14-15 elevar.

Skuledagen er delt inn i 4 økter á 70 minutt, og skuleåret vil bli delt inn i 6-vekers bolkar. Elevane vil få timetalet i perioden fordelt på 29 dagar i staden for 30, og vil fordi dei har innarbeidd undervisningstid, få avspasere ein dag kvar 6. veke. Denne dagen vil lærarane nytte til evaluering av perioden og planlegging av den neste. Målet vårt er å gi elevane eit betre tilbod gjennom større høve til planlegging og samordning av tiltak.

Elevane vil få hjelp til å finne ut kva slags måtar dei lærer mest/best på gjennom arbeid med læringsstrategiar. Dei vil få rettleiing i å gjere val og i å vurdere seg sjølv. Målet er å skape meir motivasjon i læringsarbeidet gjennom meir aktive elevar og meir varierte arbeidsmetodar. Vi kan nemne metodar som; forelesing, samtale, gruppearbeid, rollespel, storyline, entreprenørskap og ulike former for studieteknikk. Det blir laga årsplanar i alle fag, og elevane vil få arbeidsplanar anna kvar veke. Desse arbeidsplanane har klare målsetjingar, og elevane vil få hjelp til å gjere val slik at vi betre kan tilpasse opplæringa til den einskilde. Målet er at kvar einskild elev skal lage/ta stilling til sin eigen arbeidsplan i samarbeid med lærarane.

Eid ungdomsskule deltek på tredje året i prosjektet om utprøving av arbeidslivsfag, som eit alternativ til andre framandspråk. Dette er i år eit tilbod til elevar på alle trinn, og eitt av tiltaka frå Udir som vert prøvd ut for å gje skuledagen eit meir praktisk innhald. Nytt av året er innføring av valfag på 8. trinn.  Valfaga skal innførast over ein treårsperiode, og bakgrunn for innføring av valfag er at dei skal bidra til auka motivasjon og læring. EUS tilbyr inneverande år valfaga Teknologi i praksis og Sal og scene. I samarbeid med Kulturskulen i Eid og Eid vgs vil EUS gje elevar som vel Sal og scene, tilbod om å delta i prosjektet rockskule, medan elevar som vel teknologi i praksis vil på delta i Lego-League. Vi satsar framleis på fysisk aktivitet i skuletida gjennom å auke tida til kroppsøving noko og ved å leggje til rette for aktivitetar innanfor undervisningstida. Ordninga med gratis frukt og grønt for alle elevane våre held fram frå skulestart.

I opplæringslova er det slått fast at alle elevar skal oppleve ein skule som gjer alt den kan for å hindre at nokon, elevar eller tilsette, vert utsette for krenkjande ord eller handlingar. Ingen elevar eller lærarar ved Eid ungdomsskule skal finne seg i å bli utsette for slik framferd. Vi vil leggje vekt på vanleg god folkeskikk og høfleg framferd. Noko anna som også er viktig, er at vi alle har respekt for det som tilhøyrer andre. Øydeleggingar, hærverk og steling høyrer ikkje heime på skulen. Dersom nokon skulle vere uheldige å gjere skade på noko, må ein melde frå om dette til lærar / rektor raskast råd. Heldigvis har skulen hatt ein utruleg fin elevflokk der verken hærverk eller uhøvisk framferd høyrer heime, og på det viset har elevrådet fått gjennom mange ordningar som byggjer på tillit.

Skulen skal leggje til rette for eit godt samarbeid med heimen. Samarbeidet er eit gjensidig ansvar. I  læreplanen er det understreka at dei føresette saman med lærarar og elevar, skal vere med på å få til eit godt miljø slik at elevgruppa blir eit aktivt og trygt fellesskap. Foreldre skal også ta del i skulevurderinga. Det er svært viktig at foreldre tek opp med skulen saker som dei lurer på, stiller spørsmål ved eller rett og slett gjev tilbakemelding dersom noko er godt eller gale. Det same ansvaret må lærarane ha. Som rektor vil eg gjere mitt beste for at EUS skal vere ein skule prega av trivsel og læring. Eg vil ønskje alle lukke til med skuleåret!

Venleg helsing  Norunn Kjøsnes  ( rektor )