Studentar i praksis - og skuleovertaking

. i kategorien Nyheiter

I veke 6, 8 og 9 har vi studentar her ved Eid ungdomsskule. Det er studentane som var her i haust, som går 3. året på lærarutdanning ved Høgskulen i Sogndal (3GLU). I veke 6 skal dei ha rettleia praksis og i veke 8 og 9 skal dei ha skuleovertaking, dvs. at studentane skal få prøve å drive skulen sjølve. Vi har no sendt ut eit informasjonsskriv til alle heimane om dette, men du finn det også her.

Vi ønskjer studentane lukke til i deira praksis, og ser fram til lærerike veker for både elevar, studentar og lærarar!