Sosial dag i 8.klasse

8abc hadde «gute - og jentedag» torsdag 15.januar. Elevane vart delte inn i grupper på tvers av klassane, jentene for seg og gutane for seg. Alle var innom 3 ulike aktivitetar: bygging av bil, samtaler kring temaet mobbing/inkludering og «grenselaust».  I grenselaust fekk elevane utdelt ulike handikap og skulle hjelpe kvarandre gjennom ei løype ute. Dagen vart avslutta med felles billøp og logg i klassane. Det vart synt stort engasjement på dei forskjellege aktivitetane!

 

IMG 3471

 

IMG 3502

 

IMG 3478

 

IMG 3486