Storyline 1800 - talet

8. trinnet har hatt storyline om 1800 - talet. Dei har m.a. jobba med Grunnlova, Wergeland og utvandringa til Amerika. I denne perioden har dei teikna hus, flagg + jobba med dramtasiseringar om denne tida. Vi har fått sett mange gode rollespel om korleis folk på Eid hadde det på 1800 - talet. Emnet vart avslutta med ein fin dag i Malakoff der elevane kledde seg ut og fekk prøve seg på  gamle leikar. Dei fekk m.a. prøve seg på  kubbespel, tautrekking og sekkeløp. Dagen vart avslutta med grilling i Jektehola. Sjølv om været ikkje var det beste, så vart det ein fin dag i Malakoff. 

IMG 1595

IMG 1562

IMG 1557

IMG 1463

IMG 1468

IMG 1531