8ABC set fokus på mobbing!

På 8. trinn har vi i dag temadag med fokus på korleis ein kan hindre mobbing - både ansikt til ansikt og på nett. Elevane skal starte felles i alle tre klassene, der det blir diskusjonar og gruppeoppgåver.

Deretter skal dei i grupper øve inn ulike rollespel som dei skal vise til kvarandre, før vi avsluttar med ei klassevis oppsummering.

Det er viktig med slike markeringar, men enda viktigare er det vi gjer i det daglege for å hindre at mobbing skjer.

HER KAN ALLE GJERE EIN FORSKJELL!

img 2978 

Banner nynorsk 500x500