Tilbake til 1800-talet

8. trinn har siste vekene arbeidd med Storyline om livet på Eid på 1800-talet. Etter å ha blitt fordelt og sett inn i kvar sine familiar, har elevane laga rollespel om livet i familien. Dei har og teikna huset til familien og dei ulike karakterane i familien sin. I dag framførte dei meisterverka sine som omhandla det til dels turbulente familielivet på 1800-talet, som innebar mykje hardt arbeid, sjukdom, vanskele kjærleik og kampen for å brødfø familiane sine. Etter framsyninga vart det ein velfortent matbit i Jektehola. Etter mat fekk elevane bryne seg på gamle leikar og aktivitetar, i tillegg til ein quiz med gamle reiskapar som dei skulle finne ut kva blei nytta til. Alt i alt ein kjekk dag ute i sola! :) 

DSC 0068