Popstjerne på besøk på 8. trinn!

IMG 3504 red

Denne veka var 8. trinn så heldige å få besøk av Eid si eiga popstjerne: Aleks Grey!

Med temaet musikk i engelskfaget, slo vi like godt to fluger i ein smekk. Elevane fekk ein flott presentasjon på engelsk, der Aleksander snakka om korleis det heile starta, kvar han står i dag og kva planar han har framover. Vi fekk også høyre om livet på LIPA, og ein artig demonstrasjon av korleis engelsk blir snakka i Liverpool :) Elevane var flinke til å stille han spørsmål på engelsk. Vi fekk og ein liten intimkonsert, der Aleks song og spelte gitar!

Både elevar og lærarar syntest dette var ei super oppleving!

TUSEN TAKK FOR BESØKET! 

 

IMG 3506 red