Gute- og jentedag på 8.trinn

Onsdag 30. oktober hadde elevane på  8.trinn gute- og jentedag. Dette er ein dag der vi fokuserer på sosial kompetanse. Årets første tema var mobbing og elevane skulle igjennom ulike aktivitetar knytt opp mot dette. 

Dagen starta med at alle elevane såg filmen "Bully" - ein sterk og tankevekkande dokumentarfilm om mobbing. Etter filmen delte vi elevflokken i to, der gutane og jentene var kvar for seg. Elevane diskuterte innhaldet i filmen og kom med mange gode refleksjonar rundt denne.

Etter lunsj held jentene fram med ulike oppgåver og aktivitetar som blant anna gjekk ut på å gi positive kommentarar til kvarandre. Gutane på si side skulle stelle istand mat og underhaldning til jentene. Etter ei god økt med innøving av rollespel fekk jentene sjå resultatet på slutten av dagen. I tillegg hadde ein gutegjeng steikt ein solid haug med vaflar som elevane velfortent kunne gnafse i seg etter ein effektiv dag. 

Bilete frå dagen vil bli lagt i fotoalbumet her på sida i løpet av helga.