Aktive 8.trinn

I friminutta har det vore stor aktivitet på 8. trinn i heile år. No er både gutar og jenter i full gang med både bordtennisturnering og heftig dansing i friminutta. Alltid kjekt med litt liv og røre! :)

IMG 3316IMG 3319

IMG 3321IMG 3324

Rødhette og ulven på tysk

Tyskelevane på 8. trinn har hatt dramatisering av Rødhette og ulven. Dette gjorde dei med innleving og stort engasjement! Her er ei av gruppene som var med :)

Tysk 4 ny 

Bli kjend kveld på 8. trinn!

Tirsdag er det klart for Bli-kjend-kveld på 8.trinn. Elevane har laga til program og vi er klare for ein trivelig kveld i lag. Kvelden startar klokka 19 i mediateket på skulen. Invitasjon er sendt med elevane heim for ei stund sidan. Velkommen! :)

8ABC set fokus på mobbing!

På 8. trinn har vi i dag temadag med fokus på korleis ein kan hindre mobbing - både ansikt til ansikt og på nett. Elevane skal starte felles i alle tre klassene, der det blir diskusjonar og gruppeoppgåver.

Deretter skal dei i grupper øve inn ulike rollespel som dei skal vise til kvarandre, før vi avsluttar med ei klassevis oppsummering.

Det er viktig med slike markeringar, men enda viktigare er det vi gjer i det daglege for å hindre at mobbing skjer.

HER KAN ALLE GJERE EIN FORSKJELL!

img 2978 

Banner nynorsk 500x500

Foreldremøte 8. trinn

Lærarane på 8. trinn inviterer til felles foreldremøte i auditoriet måndag 31. august kl. 19.30. Invitasjon er også sendt heim med elevane. 

VEL MØTT!

 

Storyline 1800 - talet

8. trinnet har hatt storyline om 1800 - talet. Dei har m.a. jobba med Grunnlova, Wergeland og utvandringa til Amerika. I denne perioden har dei teikna hus, flagg + jobba med dramtasiseringar om denne tida. Vi har fått sett mange gode rollespel om korleis folk på Eid hadde det på 1800 - talet. Emnet vart avslutta med ein fin dag i Malakoff der elevane kledde seg ut og fekk prøve seg på  gamle leikar. Dei fekk m.a. prøve seg på  kubbespel, tautrekking og sekkeløp. Dagen vart avslutta med grilling i Jektehola. Sjølv om været ikkje var det beste, så vart det ein fin dag i Malakoff. 

IMG 1595

IMG 1562

IMG 1557

IMG 1463

IMG 1468

IMG 1531

 

Arbeidslivsfag 8. trinn!

Arbeidslivsfag på 8. trinn har den sitste perioden jobba med fuglekassebygging på sløyden. Resultatet av arbeidet kan du sjå på biletet under. Nokre av kassene vert tekne med heim, medan andre er donert til bruk i valfaget natur, miljø og friluftsliv.  

 

IMG 3740

Oppsummering av trinnets årsmøte 8. trinn

Tysdag 14.april hadde 8. trinnet sitt årsmøte. Vi starta kvelden med eit foredrag, for dei førestte,  av Per Ståle Husevåg om rus. Etter foredraget var det informasjon og underhaldning ved elevane. Dei avslutta denne økta med eit fengande Melodi Grand Prix potpurri, som vart framført med stort engasjement. Etter matøkta var det gruppediskusjonar rundt temaet "Kva kjenneteiknar eit godt skulemiljø". Det var mange gode diskusjonar og innspel frå frå elevar og foreldre. Desse innspela tar vi med oss vidare i arbeidet med å få til eit godt skulemiljø. Oppsumeringa av gruppediskusjonane finn du her. 

8.trinnet sitt årsmøte

Tysdag 14. april skal 8. trinnet ha sitt årsmøte. Først vil det bli informasjon om rus ved Per Ståle Husevåg for dei føresette. Deretter blir det informasjon og underhaldning ved elevane i mediateket, før vi avsluttar kvelden med mat og gruppediskusjonar om skulemiljøet. Vi vil også velje nye klassekontaktar. Programmet startar kl. 19.00. Vel møtt!