EUS på facebook

Eid ungdomsskule har no fått eiga side på facebook. Der vil du finne små historier frå kvardagslivet på skulen. Årsplanar i faga og arbeidsplanar vil du framleis finne her på på heimesida. 

Øving til juleprogrammet

Onsdag 20.desember kl. 18.00 inviterer 9. trinn til juleprogram i Operahuset. Vi er i full gang med øvingane, og fredag 15.var heile trinnet i Valhall og øvde på fellesdansen. Innsatsen var stor og humøret på topp. 

 

20171215 103651 resized komp

Avslutning på kjøkkenet

Jula nærmar seg med stormskritt og tradisjonen tru har vi juleavslutning på kjøkkenet. Elevane har fått vise fram alt dei har lært i løpet av hausten. Denne veka dekka dei fint festbord, laga julegraut og inviterte kontaklæraren.Det vart ei hyggeleg stund rundt matbordet.

 

juleavslutning 9c

Juleavslutning i Operahuset

Tradisjonen tru er det 9. trinn som har ansvar for juleprogrammet i Operahuset. Elevar og lærarar på trinnet inviterer føresette, slekt og venner til framsyning onsdag 20.desember kl. 18.00. Elevane har fått med seg invitasjonen heim, men du finn han også her. 

Haustgildet

1.desember inviterte arbeidslivsfag 9.trinn til haustgilde på Eid ungdomsskule. Gjestar ungdomen set stor pris ,på vart inviterte til eit festmåltid beståande av tre rettar med ingrediensar frå lokalmiljøet.

Dette var den store eksamenen for elevane som har fordjupa seg i restaurant og matfag sidan skulestarten  i august. Elevane har utvikla seg enormt sidan vi byrja med egg som ingrediens, og kunne no slå på stortromma med tre-retters i stjerneklassen. Vi har laga mat både på kjøkken og ute i naturen gjennom desse månadane, og elevane har stått for planlegging, innkjøp og gjennomføring.

Vi må takke Måløy VGS restaurant og matfag for strålande opplegg då vi fekk besøke dei, vi må takke skuleleiinga som legg til rette for at vi i dette faget kan jobbe praktisk med rammer som legg til rette for god læring og ikkje minst alle dei fantastiske foreldra som gir oss råvarer til matlaging J

Dette går i minneboka som ein fantastisk dag for elevar, lærarar og ikkje minst gjestane som fekk nyte godt av kunnskapen vi har tileigna oss.

 

Menyen

Ved bordet 2

 

Heile gjengen samla

Yrkesorientering 9. trinn

Onsdag 15. november hadde 9. trinn yrkesorientering. Elevane hadde i forkant av dagen valt seg ut fire yrke som dei vile høyre om. Temaet for dagen var mellom anna: 

  • Utdanning til yrket
    • Spesielle krav og fagkombinasjonar
    • Utdanningsvegar
    • Vidareutdanning
  • Moglegheiter til andre  typar yrke med slik utdanning
  • Arbeidsoppgåver / kva går jobben ut på
  • Personlege føresetnader for å gå inn i yrket

Elevane har  fått høyrt om: arkitekt, frisør, mekanikar, elektrikar, sjukepleiar, dyrlege, tømrar, barnehagelærar, psykolog, politi, gardbrukar og lærar. Det har vore ein interessant dag der elevane har lært mykje. Takk til alle som har stilt opp og gjort det mogleg for oss å gjennomføre opplegget :) 

 

KAriann til heimesida

Valfaget Sal & Scene

Klar til førestilling

Torsdag 2.november var siste dag med valfag i haust No blir det ein pause til etter jul før det blir nye rundar. Vi var så heldige at vi fekk lage barnehageframsyningar. Elevane hadde laga ulike eventyr, barnetv - inspirerte stykke som ungane kjende godt igjen i. Framsyninga vart tekne godt i mot av eit engasjert publikum og alle elevane hadde ei storvegs oppleving :-) Tusen takk til Gjerdane-, Golvsengane-, og Eid barnehage for at de tek så godt i mot oss! 

 

Tornerose komp

Publikum fekk vere med

Miljødag på 9. trinn

Tysdag 24. oktober hadde 9. trinn miljødag. Denne dagen hadde vi tema som vennskal og nettvett på agendaen. Dette er tema som vi ser at det er viktig å snakke om. Først såg vi filmar om emnet, før vi hadde kafe'dialogar om temaet. Her kom det fram mange viktige synspunkt. På slutten av dagen var elevane samla i idrettshallen, og laga dansar knytt til ulike sider ved temaet vennskap. Vi fekk også tid til eit felles svelemåltid i løpet av dagen. Ein innhaldsrik og gjevande dag. 

dansen tar form komp

"Å vere god nok" temakveld 9.trinn

Onsdag den 4. oktober kl. 19.00 skal 9. trinn ha møte for foreldrene om temaet "Å vere god nok". Først blir det innleiing ved Mary Ann Refseth frå BUP, før ein samlast klassevis til diskusjonar og spørsmål. Elevane har fått med seg skriv hei om kvelden, men du finn det også her.

Vel møtt! 

Teltturen på 9. trinn

Måndag og tysdag i veke 38 var heile trinnet på telttur i Stigedalen. Teltplassen var på eit fint område nær Asbjørnstova. Det gjekk fint å setje opp telta og etablere leiren. Etter at telta var komne opp, gjekk vi ein tur inn til Movatnet i nydeleg solskinn. Då vi kom tilbake til teltplassen var det tid for mat og grilling. Seinare på kvelden hadde vi også nattorientering, før det var tid for ro i leiren. Det var ein flott tur i eit flott område :) 

Oppsetting av teltHer er vi

ved Movatnet

bading

Avreisejubel