"Å vere god nok" temakveld 9.trinn

Onsdag den 4. oktober kl. 19.00 skal 9. trinn ha møte for foreldrene om temaet "Å vere god nok". Først blir det innleiing ved Mary Ann Refseth frå BUP, før ein samlast klassevis til diskusjonar og spørsmål. Elevane har fått med seg skriv hei om kvelden, men du finn det også her.

Vel møtt! 

Teltturen på 9. trinn

Måndag og tysdag i veke 38 var heile trinnet på telttur i Stigedalen. Teltplassen var på eit fint område nær Asbjørnstova. Det gjekk fint å setje opp telta og etablere leiren. Etter at telta var komne opp, gjekk vi ein tur inn til Movatnet i nydeleg solskinn. Då vi kom tilbake til teltplassen var det tid for mat og grilling. Seinare på kvelden hadde vi også nattorientering, før det var tid for ro i leiren. Det var ein flott tur i eit flott område :) 

Oppsetting av teltHer er vi

ved Movatnet

bading

Avreisejubel

 

Telttur 9.trinn måndag 18.09

Då blir det telttur på 9. trinn frå måndag den 18.09 til tysdag 19.09. Vermeldingane er gode, så vi tar sjansen på å reise. Turen går til Stigedalen. med avreise kl. 9.00. Vi returnerer tysdag slik at ein når skulebussane etter skuletid. Elevane har fått med seg skriv heim om turen, men du finn det også under overskrifta"Telttur 9. trinn". Då satsar vi på fint vær og ein hyggjeleg tur :) 

Telttur 9.trinn

9 trinn planlegg telttur i nærmaste framtid dvs i veke 37 eller 38. Det er været som avgjer når det blir tur, og det er jo vanskeleg å spå :) Elevane har fått med seg skriv heim om turen, men du finn det også her. 

Foreldremøtet på 9.trinn

Onsdag 30.august hadde 9. trinn foreldremøte med bra oppmøte! Det vart informert om ulike planar for skuleåret m.a. telttur og utdanningsval. Referatet frå møtet kan de finne her. 

Foreldremøte 9.trinn onsdag 30.august

Vi ynskjer velkommen til foreldremøte på 9. trinn onsdag 30.august kl. 19.00, auditoriet. På møtet vil vi informere om planar og aktuelle saker. Elevane har fått med seg skriv heim om møtet, men du finn det også her. 

Vel møtt! 

Avslutning på kjøkkenet

Då er vi snart ferdig med skuleåret, og elevane har hatt avslutning på kjøkkenet. Dei har fått vise kva dei har lært i løpet av året og har laga både salatar og kaker. Det vart ei fin stund rundt eit festdekka bord. 9b ved bordet komp

9b matbord

9a 2 ved bordet

Innovasjonscamp 9ABC

9. trinn har no hatt innovasjonscamp med temaet fornybar energi. Dette er eit samarbeid med Ungt Entreprenørskap v. Jørn Helgheim og SFE ved Jannicke Lindvik og Nils Ola Strand. Elevane fekk både teoretisk og praktisk innføring i ulike  typar fornybar energi. Bedrifta Moderne Varme underviste om korleis fjordvarme blir teke i bruk i varme-/ og kjølepumper, i tillegg til at elevane fekk sjå dette i praksis på Nordfjord sjukehus og på omsorgssenteret Hogatunet.

På dag to var det elevane sjølve som skulle prøve seg, og dei kunne velje mellom to oppdrag: Korleis skape innovasjon innan fornybar energi i eit nabolag eller på eit skip. Her var det mange gode og til dels nyskapande tankar, og elevane var ivrige i prosessen. 

Kvar gruppe presenterte si løysing klassevis, og det vart kåra ein vinnar i kvar klasse. Desse gjekk vidare til "superfinalen" der dei tre beste presentasjonane konkurrerte mot kvarandre.

Juryen skrytte av det arbeidet som var gjort i gruppene, men måtte til slutt kåre ein vinnar. Dette blei gruppe 3 frå 9C, først og fremst fordi dei hadde tatt innovasjon på alvor og skapt heilt nye løysingar. 

Dette blei ein kjekk og lærerik dag for elevane, og EUS takkar samarbeidspartane som var med på opplegget!

 

DELAR AV JURYEN I ARBEID:

IMG 3750 NYAST

 

  VINNARANE:

 IMG 3783 ny

Matematikkdag 9. trinn

Fredag hadde 9. trinn matematikkdag halve dagen. Elevane fekk prøve seg på ulike praktiske problemstillingar og konkurransar. Ei fin oppladning til påskeferien! :) 
IMG 20170407 134632

Internasjonal mat

Denne veke har 9. trinn laga rettar frå ulike land. Dei har konsentrert seg om landa; India/Kina, Italia, Spania og Hellas. Det har blitt laga mange spennande rettar som t.d. Tikka Masala og nanbrød. I tillegg har dei fortald om mattradisjonane til landet som dei har valt og knytt dette opp mot norske kostråd. 

 

Middagsrettar komp

Dessert komp