Oppsummering årsmøtet 9. trinn

 

Torsdag 23.04 arrangerte foreldrekontaktene trinnets årsmøte i samarbeid med lærarane på 9.trinn.

Vi starta kvelden med at elevane fekk syne dei frammøtte ulike presentasjonar av arbeid, turar og prosjekt dei har gjennomført i dette skuleåret. Vi trur at foreldra fekk eit godt innblikk i kvardagen til elevane, og vil gi elevane mykje skryt for måten dei leverar på foran eit så stort publikum, imponerande!

Etter elevane kom rektor og Webjørn Moa frå politiet med litt info knytt til ANT undersøkinga på skulen og ungdomstida sine val som no ligg framføre våre kjære elevar. Det var ei lydhøyr forsamling som fekk eit fint innblikk i resultata frå spørjegranskinga, samt høyre politiet sitt positive inntrykk av dagens ungdom i bygda.

Deretter bar det ut til eit bugnande langbord med mat til ein kvar smak. Foreldra hadde bestemt at dei skulle stille med eit fat kvar, og dette skapte eit gilde som hotella kan vere misunnelege på :-) Elevar og foreldre tok så med seg mat, og gjekk til diskusjonsgruppene sine. Resultatet av desse diskusjonane kan de finne i linken under. Her vart det diskutert arbeidsvanar, motivasjon og framtida for våre kjære ungdomar.

Til slutt avslutta vi eit flott årsmøte ved at foreldra møttes klassevis og gjorde unda val av foreldrekontakter for skuleåret 2015-2016. Dette gjekk som ein nysmurd plenklipparmotor på våren, så då kunne alle traske nøygde heim.

Vi takkar for frammøtet og ser fram til vidare samarbeid :-)

Mvh Lærarane på 9-trinn

Oppsummering årsmøtet 9. trinn