Teltturen til 9. trinn

9.trinn var på telttur på Lotesetra frå onsdag 26.august  til torsdag 27.august. Vi vart køyrde inn til Lote for så å gå opp på setra med bagasjen, men heldigvis vart mesteparten av bagasjen køyrd opp med bil. Då vi gjekk opp hadde vi litt regn på turen, men seinare vart det fint, og til og med litt solskinn. Etter at leiren var etablert, gjekk elevane opp på Sendaren der dei kunne nyte utsikta over Eid og Hjelle. Seinare vart det grilling og matlaging på primus og stormkjøkken.

IMG 1990

I løpet av kvelden hadde vi to konkurransar som elevane engasjerte seg stort i. Den eine konkurransen gjekk ut på å vise fram det mest ryddige teltet, og den andre var å lage ein figur som skulle illustrere bursdagsbarna Helga eller Torleiv. Engasjementet og kreativiteten var stor!

IMG 2043teltvinnarane

IMG 2048

Figur Torleiv :) 

 

Om natta feira vi Helga og Torleiv som hadde bursdag den 27. med song og gåveutdeling. 

 

IMG 1977

 

Etter ei god natts søvn vakna vi til sol og fint vær. Vi vil takke grunneigarane for låne av setra - ein super plass. Glade og fornøgde er vi no tilbake på skulen etter ein strålande telttur. 

IMG 2104

 

 

IMG 2149