Øving til juleprogram

IMG 5865 komp

9. klasse er i full sving med øving til juleprogrammet. Torsdag 3.desember var trinnet ein heil dag i Valhall og øvde på fellesdans. Det vart ein travel, men kjekk dag. Instruktør Benedicte Sætre ga gode tilbakemeldingar til gjengen. I tida framover vil ein øve både på dans og anna program. Heldigvis er det litt tid igjen før den store framsyninga. Elevane vil vise programmet for resten av skulen på dagtid torsdag den 17.desember, og for familie og vener same dag kl. 18.30 i Operahuset. Det skal bli kjekt å sjå det ferdige resultatet :) 

IMG 5874 komp