På tur med Bondelaget

Fredag 3.juni var 9.trinn på besøk i Heggjabygda. Bondelaget inviterte til gardsbesøk hos Helge Melheim og hos samdrifta til Oddbjørn og Hans Frislid. Der fekk elevane prøve ut ulike aktivitetar som høyrer til gardsarbeidet. I strålande vær fekk dei prøve seg på både hesjing, vedkløyving og nærkontakt med dyr. Bondelaget laga også til grillmat til elevane. Dagen vart avslutta med ein fotballkamp mellom Bondelaget og elevane. Takka vere forsterkningar frå lærarstanden, endte kampen uavgjort. Takk til Bondelaget for ein strålande dag. 

 

Kopi av IMG 2599

 

 

På låven 2