Aktivitetsdag EUS

Torsdag 9.juni var det aktivitetsdag på EUS. I år vart det berre ein halv dag, det vanlege  sykkelløpet vart avlyst pga vegarbeid. Derfor vart det  ulike oppgåver som skulle løysast klassevis på skuleområdet som t.d. trillebårløp, klossebygging, balansering på line, stafett og quizmaster. Elevane var ivrige og løyste oppgåvene på ein god og kreativ måte. Veret var fint, men litt kaldt. Det var derfor viktig å halde seg i aktivitet. Strålande innsats av elevflokken!