Telttur 9. trinn

9. trinn har vore på telttur til Svartevatnet; ein vellukka tur på alle måtar. Vermeldinga var god, men då dagen kom var det skodde overalt. Vi reiste likevel av garde med buss til Harpefossen. Derifrå tok alle beina fatt inn mot Brekka. Ikkje lenge etter at vi var framme ved Svartevatnet måtte skodda gje tapt for sola og det vart ein nydeleg dag!

Etter at telta var komne opp var det tid for både fisking, bading, konkurransar - og jaging av kyr... Ein blir svoltne av å vere ute og i aktivitet, så det var kort mellom måltida :) 

Utover kvelden blei det grilling, før det vart bålkos med gitar og song i mange variantar. Då klokka bikka midnatt var det ikkje lenge før det vart stilt i telta, sjølv om mange hadde veldig mykje å prate om akkurat då...

Neste morgon vakna vi opp til ein ny, flott dag! Etter rydding og pakking hadde vi tid til ein natursti før vi gjekk nedover mot bussane.

Takk for ein triveleg tur!

Desse blide jentene får representere resten av elevane før fleire bilete kjem i album.

IMG 3624 ny