Kjøtt på timeplanen

I veke 11 fekk elevane i 9. klasse lov til å boltre seg på kjøkkenet med å lage ulike kjøttrettar. Eitt av kompetansemåla i læreplanen er at elevane skal lage trygg og ernæringsmessig god mat, og forklare kva for næringsstoff matvarene inneheld. Dei skal og samanlikne måltid dei lagar sjølv med råda frå helsestyresmaktene. Derfor har elevane planlagt maten, og gjennom ei skriftleg oppgåve samanlikna sin mat med råda frå Helsedirektoratet. Veka før planla elevane kva rett dei skulle lage ved å nytte seg av nettsida matprat.no. I denne veka har dei laga ulike rettar som t. d biff med fløytegratinerte poteter, biff Stroganoff, biffsalat, svinekjøtt med bacon og fløytegratinerte poteter og alt vart servert med ulike grønsaker til. I tillegg diska dei opp med flotte dessertar som t.d. fruktsalat, tilslørte bondepiker, blåbærmuffins og cupcakes m.m. Her var det noko for ein kvar smak. Det er ikkje kvar dag at elevane kan boltre seg slik på kjøkkenet!

 Biff med fløtegratinerte poteter og saus

Lasse og co

Biff Stroganoff

A gjengen