Innovasjonscamp 9ABC

9. trinn har no hatt innovasjonscamp med temaet fornybar energi. Dette er eit samarbeid med Ungt Entreprenørskap v. Jørn Helgheim og SFE ved Jannicke Lindvik og Nils Ola Strand. Elevane fekk både teoretisk og praktisk innføring i ulike  typar fornybar energi. Bedrifta Moderne Varme underviste om korleis fjordvarme blir teke i bruk i varme-/ og kjølepumper, i tillegg til at elevane fekk sjå dette i praksis på Nordfjord sjukehus og på omsorgssenteret Hogatunet.

På dag to var det elevane sjølve som skulle prøve seg, og dei kunne velje mellom to oppdrag: Korleis skape innovasjon innan fornybar energi i eit nabolag eller på eit skip. Her var det mange gode og til dels nyskapande tankar, og elevane var ivrige i prosessen. 

Kvar gruppe presenterte si løysing klassevis, og det vart kåra ein vinnar i kvar klasse. Desse gjekk vidare til "superfinalen" der dei tre beste presentasjonane konkurrerte mot kvarandre.

Juryen skrytte av det arbeidet som var gjort i gruppene, men måtte til slutt kåre ein vinnar. Dette blei gruppe 3 frå 9C, først og fremst fordi dei hadde tatt innovasjon på alvor og skapt heilt nye løysingar. 

Dette blei ein kjekk og lærerik dag for elevane, og EUS takkar samarbeidspartane som var med på opplegget!

 

DELAR AV JURYEN I ARBEID:

IMG 3750 NYAST

 

  VINNARANE:

 IMG 3783 ny