9. trinn på gardsbesøk på Løkja

Tysdag 27. mai vart ein flott dag for elevane på 9. trinn! Eid bondelag inviterte heile gjengen på gardsbesøk på Løkja, noko som betydde fine opplevingar og nye erfaringar for mange. 

Elevane var på besøk i fleire fjøsar og på Løken besøksgard, og dei fekk prøve seg på vedhogst og natursti. Nokre fekk ri på hest, medan andre gjekk for hesteskokasting.

Vertskapet spanderte lunsj med grillmat, juice og yoghurt, noko elevane visste å setje pris på! Det var også fotballkamp mellom bønder og elevar, ein kamp bøndene vann 3-2; visstnok med livet som innsats...

I etterkant skal det kårast ein vinnar av naturstien, og her har bondelaget gjeve ein ettertrakta premie; nemleg eit Malakoffpass! Det er nok mange som er spente på kven som blir den heldige vinnaren.

Vi ynskjer å rette ein STOR takk til Eid bondelag for alt arbeidet dei har lagt ned for å kunne invitere så mange elevar på heildagsbesøk - det var ei flott oppleving!

Helsing elevar og lærarar på 9. trinn!

214 red