99-gjengen på telttur!

Heile 9. trinnet hadde ein utruleg flott telttur rett før pinse! Vi slo leir ved Svartevatnet på Brekka, der alt låg til rette for ei fin naturoppleving.

Veret viste seg frå si beste side; strålande sol og god temperatur. Det var mange som bada og leika i vatnet, og utpå kvelden var det og mange som prøvde fiskelukka. Nokre fiska i Svartevatnet, medan andre tok turen opp til Grimeskarvatnet og prøvde fiskelukka der. Steikt krede til nattmat smakte nydeleg!

Kvart teltlag hadde planlagt felles middag, og etterkvart lukta det nydelig frå mange stormkjøkken i "kokesona" langs vasskanten. Det er berre fantasi og kreativitet som set grenser for kva som kan lagast på stormkjøkken...

Utover kvelden aktiviserte elevane seg med ulike leikar; særleg vart pinneleiken populær. Dei mest tolmodige heldt på fleire timar samanhengande! Elles var det gitarspel, allsong og sosialt samver. Stemninga var på topp heile tida!

Vi var elles godt utstyrte med myggmiddel, men myggen hadde reist andre stader, og glade var vi for det... 

 

TAKK FOR EIN FLOTT TUR!

DSC 2166 red