Trinnet sitt årsmøte 9.trinn

Minner om årsmøtet for 9. trinn onsdag 27.april kl. 19.00 Der vil elevane vise fram og snakke om det dei har gjort i løpet av året. Bjarte Gangeskar vil også halde eit innlegg for foreldra om utfordringar i ungdomstida. Det vil og bli val av nye klassekontaktar denne kvelden. Vel møtt!

Stopp vald

Stopp vald er eit program i Røde Kors mot vald i heimen, mobbing, og anna vald.

Hovudmålsettinga til Stopp vald er å utvikle gode tiltak og løysingar som set lokalforeiningane i stand til å drive haldningsskapande arbeid og å utføre aktivitetar som kan avgrense omfanget av vald i samfunnet. Kvart år får dei fleste 9. klassingane og russen eit informasjonsprogram saman med ei t-skjorte eller eit transfermerke med eit handtrykk på. Logoen er eit symbol på at ein tek avstand frå val, mobbing og rasisme. I dag fekk alle 9.klassingane på EUS kvar si t-skjorte. 

Trinnet sitt årsmøte 9.trinn

Det nærmar seg tid for avvikling av trinnet sitt årsmøte. Onsdag 27.april kl. 19.00 skal 9.trinn ha sitt årsmøte. Der vil elevane vise fram og snakke om det dei har gjort i løpet av året. Bjarte Gangeskar vil halde eit innlegg for foreldra om utfordringar i ungdomstida. Det vil og bli val av nye klassekontaktar denne kvelden.  Elevane har fått med seg heim eit skriv om årsmøtet, men du finn det også her.

Arbeidsveke for 9. trinn

I veke 15 og 16 skal elevane på 9. trinn få prøve seg i arbeidslivet. Halvparten skal ha arbeidspraksis i veke 15, og den andre halvparten i veke 16.  Dei fleste skal vere på Eid, men nokre skal også ha arbeidspraksis utanfor kommunen. Elevane skal vere utplassert måndag til torsdag desse vekene, men fredagen skal dei vere på skulen. Vi har laga eigen timeplan for skulevekene som elevane har fått med seg heim, men du finn også planen her. 

Kjøtt på timeplanen

I veke 13  planla elevane kva rett dei skulle lage ved å nytte seg av nettsida matprat.no. I veke 14 har dei laga  ulike rettar som t. d  biff med fløytegratinerte poteter, grillspyd, biffsnadder med potetbåtar, roastbiffsalat og svinekjøtt med ulike grønsaker til. I tillegg diska dei opp med flotte dessertar som t.d. pannekaker med is og bær, småformasjokoladekake med bringebær m.m. Her var det noko for ein kvar smak. Det er ikkje kvar dag at elevane kan boltre seg slik på kjøkkenet! 

IMG 0025

 

IMG 0032

 

IMG 0055

IMG 0056

IMG 0059

Skidag 9. trinn

Onsdag 16. mars hadde 9. trinn skidag på Harpefossen. Strålande sol og godt skiføre gjorde at dette vart ein kjemedag for både elevar og lærarar. Der var elevar i både skitrekket og i langrennsløypa. Midt i Energiheisen hadde vi grill og bålkos.  

Ein strålande dag med ein fantastisk gjeng!

 

DSC 0130

DSC 0133

 

DSC 0101

DSC 0091

DSC 0096

Skidag 9. trinn

9. trinnet har bestemt seg for skidag onsdag 16.mars på Harpefossen med vekt på alpint, men det blir også høve til å nytte langrennsskia. Elevane møter på skulen til vanleg tid, bussane går kl. 9.00. Alle har fått med seg eit skriv heim om skidagen, men du finn det også her. Då satsar vi på sol og fint vær onsdag. sol

Hemmeleg helt

Fredag 11.mars skal 8. og 9. trinn ved Eid ungdomsskule høyre kåseriet om den hemmeleg helten, Knut Haugland. Han deltok på verdas mest kjente sabotasjeaksjon; tungtvannsaksjonen mot Nazi-Tysklands atombombeprosjekt. Etter krigen deltok han på verdas mest berømte ekspedisjon, om bord på Kon-Tiki over Stillehavet. Under kåseriet viser forfattaren Svein Sæter både bilde og filmklipp, og ikkje minst brev og krigsrapportar frå Knut Hauglands eige arkiv. Foredraget blir vist i Operahuset i regi av Den kulturelle skulesekken.  9. trinnet jobbar med temaet den 2. verdskrigen, så dette blir interessant. hemmeleg helt

 

 

Juleball på EUS 2015

juleball 2015

Torsdag den 10. desember var det juleball på hotellet for EUS, der var det ein heil del elevar, over 200 stk, og 7 foreldrevakter.

Det var middag kl. 19.30 med både hamburger, pizza og taco og maten smakte godt.  Etter det var det litt fritid før musikken starta kl. 20.30 styrt av innleigd DJ. Til slutt var det kåringar av forskjellige prisar før ballet slutta 00.30.

Det var ein kjekk samankomst med god stemning og god mat.

 

Juleavslutning på kjøkkenet

Tradisjonen tru har vi juleavslutning på kjøkkenet med 9. trinn før jul. Kontaktlærar blir invitert til avslutninga. Elevane dekkar fint festbord og serverer graut  og julekaker. Kakene, minst sju slag, vart laga i forrige veke. Maten smakte godt og det vart ei triveleg stund rundt matbordet. 

IMG 5882 800x600 IMG 5879 800x600