Teltturen til 9. trinn

9.trinn var på telttur på Lotesetra frå onsdag 26.august  til torsdag 27.august. Vi vart køyrde inn til Lote for så å gå opp på setra med bagasjen, men heldigvis vart mesteparten av bagasjen køyrd opp med bil. Då vi gjekk opp hadde vi litt regn på turen, men seinare vart det fint, og til og med litt solskinn. Etter at leiren var etablert, gjekk elevane opp på Sendaren der dei kunne nyte utsikta over Eid og Hjelle. Seinare vart det grilling og matlaging på primus og stormkjøkken.

IMG 1990

I løpet av kvelden hadde vi to konkurransar som elevane engasjerte seg stort i. Den eine konkurransen gjekk ut på å vise fram det mest ryddige teltet, og den andre var å lage ein figur som skulle illustrere bursdagsbarna Helga eller Torleiv. Engasjementet og kreativiteten var stor!

IMG 2043teltvinnarane

IMG 2048

Figur Torleiv :) 

 

Om natta feira vi Helga og Torleiv som hadde bursdag den 27. med song og gåveutdeling. 

 

IMG 1977

 

Etter ei god natts søvn vakna vi til sol og fint vær. Vi vil takke grunneigarane for låne av setra - ein super plass. Glade og fornøgde er vi no tilbake på skulen etter ein strålande telttur. 

IMG 2104

 

 

IMG 2149

Telttur 9. trinn

 

9. trinn drar på teltturtil Lotesetra onsdag 26.august. Elevane møter på skulen til vanleg tid, bussane vil gå kl. 9.00. Alle elevane har fått med seg eit skriv heim om turen. Vi vil returnere frå Lote torsdag 27.august kl. 13.30. Forhåpentligvis får vi like fint vær som på fjelldagen. Då ser vi fram til ein fin tur med mange ulike aktivitetar. 

20150820 120545

Teknologileir

I sommar arrangerer Pro Opplæringskontorert teknologileir for ungdom i Sogn og Fjordane.

Leiren har utgangspunkt i faga frå Teknikk og Industriell Produksjon, men er tilpassa elevar frå ungdomsskulen og har fokus på å ha det kjekt med faga.

På leiren vil deltakarane mellom anna få prøve robotprogrammering, 3D-teikning og sveising.

Det blir i år to leirar: Veke 28 i Førde og veke 32 i Stryn – med program frå måndag til fredag(09.00-16.00)

Vi håper at leiren vil gi ungdommar eit betre innblikk i industrifaga, samtidig som fokuset er å ha det kjekt!

Vi hadde derfor satt stor pris på om skulen delar ut den vedlagde invitasjonen til elevane i ungdomsskulen!

For meir informasjon sjå: http://pro.sf.no/teknologileir/

Oppsummering årsmøtet 9. trinn

 

Torsdag 23.04 arrangerte foreldrekontaktene trinnets årsmøte i samarbeid med lærarane på 9.trinn.

Vi starta kvelden med at elevane fekk syne dei frammøtte ulike presentasjonar av arbeid, turar og prosjekt dei har gjennomført i dette skuleåret. Vi trur at foreldra fekk eit godt innblikk i kvardagen til elevane, og vil gi elevane mykje skryt for måten dei leverar på foran eit så stort publikum, imponerande!

Etter elevane kom rektor og Webjørn Moa frå politiet med litt info knytt til ANT undersøkinga på skulen og ungdomstida sine val som no ligg framføre våre kjære elevar. Det var ei lydhøyr forsamling som fekk eit fint innblikk i resultata frå spørjegranskinga, samt høyre politiet sitt positive inntrykk av dagens ungdom i bygda.

Deretter bar det ut til eit bugnande langbord med mat til ein kvar smak. Foreldra hadde bestemt at dei skulle stille med eit fat kvar, og dette skapte eit gilde som hotella kan vere misunnelege på :-) Elevar og foreldre tok så med seg mat, og gjekk til diskusjonsgruppene sine. Resultatet av desse diskusjonane kan de finne i linken under. Her vart det diskutert arbeidsvanar, motivasjon og framtida for våre kjære ungdomar.

Til slutt avslutta vi eit flott årsmøte ved at foreldra møttes klassevis og gjorde unda val av foreldrekontakter for skuleåret 2015-2016. Dette gjekk som ein nysmurd plenklipparmotor på våren, så då kunne alle traske nøygde heim.

Vi takkar for frammøtet og ser fram til vidare samarbeid :-)

Mvh Lærarane på 9-trinn

Oppsummering årsmøtet 9. trinn

Trinnets årsmøte 9.trinn

Vi inviterer med dette elevar og føresette til trinnet sitt årsmøte

torsdag 23.04.15 kl. 18.30 – 20.30.

Tillitselevar, foreldrekontaktar og kontaktlærarar har saman planlagt møtet.

Sakliste:

  • Fellesøkt i mediateket
    • Innlegg frå elevane sin kvardag ved skulen, og prosjekt vi har vore med på.
    • Kort innlegg frå rektor om rusundersøkinga på skulen.
  • Diskusjon i grupper m/ servering
    • Relasjon lærar – elev – heim ( Arbeidsrutiner, dialog o.l.)
    • Studieteknikk -> Overgangen til vidaregåande og utvikling av gode studieteknikkar gjennom ungdomsskulen.
    • Motivasjon

Då vi planla møtet vart vi samde  om at foreldre/føresette tek med eitt fat med mat, samt ei kanne kaffi. Det vil bli laga til eit langbord ved mat og helse sine undervisningsrom. Elevane må ha med seg drikke. Skulen held koppar, serviettar og fat.

Lærarar, tillitselevar og foreldrekontaktar på 9.trinn ønskjer alle velkomne!

 

99-gjengen på telttur!

Heile 9. trinnet hadde ein utruleg flott telttur rett før pinse! Vi slo leir ved Svartevatnet på Brekka, der alt låg til rette for ei fin naturoppleving.

Veret viste seg frå si beste side; strålande sol og god temperatur. Det var mange som bada og leika i vatnet, og utpå kvelden var det og mange som prøvde fiskelukka. Nokre fiska i Svartevatnet, medan andre tok turen opp til Grimeskarvatnet og prøvde fiskelukka der. Steikt krede til nattmat smakte nydeleg!

Kvart teltlag hadde planlagt felles middag, og etterkvart lukta det nydelig frå mange stormkjøkken i "kokesona" langs vasskanten. Det er berre fantasi og kreativitet som set grenser for kva som kan lagast på stormkjøkken...

Utover kvelden aktiviserte elevane seg med ulike leikar; særleg vart pinneleiken populær. Dei mest tolmodige heldt på fleire timar samanhengande! Elles var det gitarspel, allsong og sosialt samver. Stemninga var på topp heile tida!

Vi var elles godt utstyrte med myggmiddel, men myggen hadde reist andre stader, og glade var vi for det... 

 

TAKK FOR EIN FLOTT TUR!

DSC 2166 red 

9. trinn på gardsbesøk på Løkja

Tysdag 27. mai vart ein flott dag for elevane på 9. trinn! Eid bondelag inviterte heile gjengen på gardsbesøk på Løkja, noko som betydde fine opplevingar og nye erfaringar for mange. 

Elevane var på besøk i fleire fjøsar og på Løken besøksgard, og dei fekk prøve seg på vedhogst og natursti. Nokre fekk ri på hest, medan andre gjekk for hesteskokasting.

Vertskapet spanderte lunsj med grillmat, juice og yoghurt, noko elevane visste å setje pris på! Det var også fotballkamp mellom bønder og elevar, ein kamp bøndene vann 3-2; visstnok med livet som innsats...

I etterkant skal det kårast ein vinnar av naturstien, og her har bondelaget gjeve ein ettertrakta premie; nemleg eit Malakoffpass! Det er nok mange som er spente på kven som blir den heldige vinnaren.

Vi ynskjer å rette ein STOR takk til Eid bondelag for alt arbeidet dei har lagt ned for å kunne invitere så mange elevar på heildagsbesøk - det var ei flott oppleving!

Helsing elevar og lærarar på 9. trinn!

214 red

 

  

9. trinn sitt årsmøte

Måndag 31. mars er det klart for årsmøtet på 9. trinn. Vi startar i Operahuset kl. 19.00, og programmet ser slik ut:

  • Program ved elevane
  • Rektor har ordet
  • Innlegg ved lensmann Webjørn Moa
  • Val av nye foreldrekontaktar
  • Mat og prat
  • Gruppediskusjonar

NB! Minner om at alle tek med mat, og så deler vi med kvarandre. 

Det er svært god påmelding til møtet, så vi ser fram til ein triveleg kveld!