Kok i hop

IMG 5255

 

I veke 4 hadde elevane på 9. trinn besøk frå linja Restaurant og matfag i Måløy. Elevane frå den vidaregåande skulen var lærarar for 9. trinn, som fekk prøve seg på mange spennande rettar. "Kok i hop" er ei fylkeskommunal satsing for å informere om linja Restaurant og matfag i ungdomsskulen. Elevane på 9. trinn  fekk ein heil dag der dei kunne boltre seg på kjøkkenet. Dei fekk lage spennande rettar som Måløyburgar, lefser, ravioli, cookies med meir. I tillegg dekka dei eit fantasktisk festbord! Takk til Måløy vidaregåande skule  for eit strålande opplegg. Du finn bilete frå matlaginga i fotoalbumet. 

Alternativ vinteraktivitet

Snøen let vente på seg, så då får ein finne på andre aktivitetar.

9. klassingane brukte musikktimen fredag til å finpusse på gammaldansen sin; ikkje ofte ein kan danse ute i januar! 

022 redusert

Jente- og gutedag 9. trinn

Fredag 10. januar hadde vi jente- og gutedag på 9. trinn. Temaet for dagen var mobbing, og elevane fekk reflektere rundt dette på ulike måtar.

Vi starta dagen med å sjå filmen Bully, ein dokumentar som gjorde sterkt inntrykk. Deretter vart elevane delte i reine jente- og gutegrupper, og vi hadde diskusjonar og rollespel. Dette var fine økter, der elevane kom med mange gode tankar og idear om mobbing og korleis ein kan hindre at dette skjer.

Siste økta møttest jenter og gutar igjen, og vi avslutta dagen med ein aktivitet som vi ser på som både sosial og inkluderande; nemleg dans. Elevane fekk lære både polka og reinlender; og det var ingenting å seie på innsatsen! 

Både elevar og lærarar hadde ein flott dag, med ei fin blanding av alvor og moro! 

218 redusert