Utdanningsval - arbeidspraksis

Arbeidspraksis for 9. klasse ved Eid ungdomsskule.

Faget utdanningsval omfattar både ein teoretisk og ein praktisk del. Den praktiske delen av faget går ut på at eleven er ute i arbeidslivet 4 dagar i 9. klasse, i tillegg til praksiserfaring frå partnarskapsbedriftene.

MÅL med arbeidspraksisen

Den praktisk delen av faget utdanningsval skal vere med på å gje eleven

  • praktisk røynsle med arbeidsrytme og miljø på ein arbeidsplass
  • kjennskap til organisasjonane i arbeidslivet
  • grunnlag for å planleggje vidare utdanning og val av yrke.
  • Eleven skal ikkje ha lønn.
  • Fråvære skal meldast av eleven til skulen og arbeidsplassen.
  • Så langt råd er, vil ein lærar besøkje elevane ute på arbeidsplassane.
  • Skulen ber bedriftene om å ta kontakt om noko skulle vere uklart kring organiseringa og gjennomføringa av arbeidsveka.
  • Likeeins ber skulen bedriftene om at ein har ein lav terskel for å ta kontakt om det skulle vere noko ein lurer på eller ikkje er nøgde med

Innhald og gjennomføring

Praktisk yrkesorientering kan ha ulike former. Det mest vanlege er at eleven er med i arbeidet på ein arbeidsplass / ei bedrift.

Det bør og leggjast vekt på at eleven får høve til å vere med i utradisjonelle og varierte arbeidsoppgåver både med omsyn til kjønn og typen av arbeidsplass.

Ansvar og forsikring

Det er arbeidsstaden som har ansvar for at eleven ikkje blir sett til oppgåver som bryt med arbeidsmiljølova.

Grunnskuleelevar er yrkesskadetrygda etter § 11 i lov om folketrygd.

Val av yrke / bedrift

Så langt råd vert eleven tildelt praksisplass i samsvar med eleven sine ønskjer.

Når skulen har sett opp eit oversyn over praksisplassane, får elevane og foreldra same informasjon som bedriftene. Då dei ulike bedriftene har svært ulike tidspunkt for kva tid elevane skal møte opp, har elevane fått i oppdrag å kontakte bedriftene for å avtale oppmøtetidspunkt og arbeidstid.                            

Kontaktperson og arbeidstid

På arbeidsplassen bør bedrifta peike ut ein som er kontaktperson for eleven og som tek seg av eleven.

Eleven følgjer den ordinære arbeidstida på arbeidsplassen. Det kan sjølvsagt vere unntak, til dømes i samband med skuleskyss.

 

Arbeid utanfor Eid kommune:

I samband med arbeidsveka i 9. klasse, kan eleven sjølv skaffe seg arbeid utanfor Eid kommune. Skulen gjer dykk merksame på at ved ein slik situasjon må føresette dekkje utgifter til reise og opphald. Skulen og arbeidsplassen har ansvar for eleven den tida han er på arbeid, men føresette må sjølve ta ansvar for eleven i tida utanom arbeidstida.