Arbeidsveka april 2015

Datoar for årets arbeidsveker er sett til:

  • Pulje 1 – veke 15 – Frå tysdag 7. april til og med fredag 10. april
  • Pulje 1 – veke 16 – Frå måndag 13. april til og med torsdag 16. april

I år vil Eid ungdomsskule prøve ut ei litt annleis organisering av arbeisveka. Vi har som målsetting å intergrere faget utdanningsval og karrierevegleiinga meir med andre fag. I praksis har vi planar om at elevane skal få jobbe med med utarbeiding av CV og arbeidssøkand i norskfaget og at elevane skal få bruke desse i kontakt med bedriftene i forkant av arbeidsveka. Vi trur at dette tiltaket vil motivere elevane til  å leggje ned meir arbeid i norskfaget, samtidig som dei vil få betre erfaring med å kontakte bedriftene i forkant av arbeidet.

Vi har tenkt å orgnaisere dette på følgjande måte:

  • Bedriften gjev tilbakemelding til skulen om dei kan ta imot elevar.
  • Elevane gjer val / set opp ynskje om yrke.
  • Rådgjevar fordeler arbeidsplassar / bedrifter ut frå val til elevane og dei tilbakemeldingar som skulen har fått frå bedriftene.
  • Bedriftene får tilbakemelding frå underteikna om det er fordelt elevar til bedrifta eller ikkje (har samanheng mellom val til elevar og type yrke).
  • Elevane kontaktar bedrifta sjølve med jobbsøknad og CV.
  • Elev og bedrifta gjer avtalar i samband med praktisk gjennomføring av arbeidsveka.

Håpar bedriftene ser positivt på denne endringa og at flest mogleg gjev skulen ei positiv tilbakemelding.