I Roald Amundsen sine fotspor

Tysdag denne veka hadde klasse 10B ein engelsktime der dei skulle planlegge ein ekspedisjon og utføre denne. På vegen møtte dei ulike utfordringar som dei måtte løyse for å komme vidare. Mellom anna møtte dei ein sint isbjørn som skada nokre av elevane, dei vart snøblinde og dei måtte skrive dikt om turen. I tillegg jobba dei med å setje saman ulike ord på norsk og engelsk, og dei fekk ei teikneoppgåve. Det var mykje god aktivitet, og elevane kommuniserte godt på engelsk.