Forsikringsordningar

Vi vil gjere føresette merksame på at Eid kommune etter forskriftsendring i Opplæringslova 24.06.08 har plikt til å sørgje for ulykkesforsikring for skuleelevane. Forskrifta er iverksett frå 01.07.08. Vi vil leggje ut informasjon på heimesida vår når detaljar i forsikringsordninga er kjende.

Forsikringa skal gi eleven dekning
a. på opplæringsstaden i opplæringstida
b. på veg mellom heim og opplæringsstad
c. under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som er ledd i opplæringa, og på veg mellom heim og arbeidsplass
d. under transport, skuleturar, idrettsdagar, leirskular og liknande som skulen er ansvarleg for.

Ved ev. skade betaler elev/ føresette lækjarutgifter sjølve, men får dette refundert av Trygdekontoret så snart skademeldinga frå skulen er behandla. Det er viktig at ein tek vare på kvitteringar for ev utgifter.

Ansvarsforsikring

Kommunen har ansvarsforsikring som vil gjelde også i høve til skuleelevar når ein skade/eit ulykkestilfelle kan tilskrivast uforsvarlege forhold, dvs at kommunen kan lastast for det som hende. I slike tilfelle hender det at saka må handsamast i rettsapparatet for å få fastlagt ansvarstilhøva.

Klede, utstyr, gjenstandar

Tidlegare hadde Eid kommune eiga brilleforsikring for grunnskule-elevar. Denne ordninga gjeld ikkje lenger. Det er elles ikkje rom for erstatningar som kommunen ikkje har plikt til. Ved vurdering av ev erstatning må det takast omsyn til om det er snakk om eit ”hendeleg uhell” eller om kommunen kan lastast.

Når det gjeld skade på klede/ briller o.a. kan elles reglar i skadeerstatningslova vere aktuelle. Etter lov om skadeerstatning er foreldra i ein del tilfelle ansvarlege for skadar som barna er årsak til. Erstatningsansvaret er avgrensa til kr. 5 000 pr. skadetilfelle når foreldra er utan skuld. Skulen har ikkje høve til å erstatte ting som blir borte eller øydelagde. Alle elevar vil få tildelt eit garderobeskap. Dei må sjølv syte for hengjelås på skåpet, og dei er ansvarlege for å ta vare på tinga sine. Berbare PCar brukt som kompenserande hjelpemiddel i undervisning, må låsast inn i skapa i friminutta dersom ikkje vedkomande sjølv er til stades.

Førebygging av ulykker

Det er viktig at skulen prøver å førebyggje ulykker. Ved utflukter skal lærarane følgje visse prosedyrar med tanke på tryggleiken. Det er også viktig at føresette syter for at elevane har rett utstyr til ulike slag utflukter. På sykkelturar kan elevane berre vere med dersom dei har hjelm. På dei lengste skiturane må elevane ha kledd seg godt.

Bading.

Vi er avhengige av føresette sitt samtykkje dersom elevane skal få lov til å bade på skuleturar og utflukter ( andre stadar enn bassenget i idrettshuset/utanfor skulen sitt område ). Lærarar skal sjølvsagt vere til stades, men oversikta og tryggleiken kan verte dårlegare enn i eit basseng. Likeeins ønskjer vi foreldra sitt samtykkje vedk. bruk av skateboard / rollerblades. Vi vonar at denne orienteringa kan vere til nytte i høve til skadetilfelle som kan oppstå, og med tanke på vurdering av behovet for private forsikringar.

 

Dersom det er noko som er uklart, ber vi dykk kontakte skulen.