Hospitering for 9. klasse - 9. og 10. mars.

Måndag 9. mars og tysdag 10. mars er det hospitering på vgs. for 90. klasse. Lærarane har oversikt over elevane sine val med tanke på val av utdanningsprogram og skule.
Dei vidaregåande skulane har lagt ut viktig informasjon om hospiteringa på heimesidene sine (sjå lenker under).

Det er viktig at både elevar og lærarar får denne informasjonen før ein reiser. Enkelte elevar skal t. d. ha med seg ulike typar kle. Kvar einskild elev pliktar å lese denne informajsonen i god tid før ein reiser på hospiteringa. 

Hospiteringa varer stort sett frå kl. 10:00 til 15:00 desse to dagane. Detaljerte tidsskjema finn de på lenkene under. På Firda blir det lagt opp til at ein kan ta bussen som går tilbake til Eid kl 14.55

Lenke til dei ulike skulane:

Rådgjevar bestiller plass på bussane. Reiserute til dei ulike skulane frå rutebilstasjonen på Eid er slik :

Stad Tur Retur Lærar som blir med måndag Lærar som blir med tysdag
Sandane 08:45 14:55  Marita T.  Siri 
Stryn 08:40   15:30  Marita R.  Sølvi L.T. 
Måløy 08:45

Måndag: Kl 14:25 frå Tennebø,vgs
Tysdag : Kl 16:05 frå Tennebø,vgs

 Ståle  Sveinung 
         

Desse tidene gjeld begge dagane.

  • Lærarane som er med dei ulike bussane har med lapp med oversikt over kor mange som reiser (vaksne og barn). Hugs lapp til retur også.
  • Det er bestilt plass på bussane frå Eid. 
    Alle elevar som skal til Stryn vgs på hospitering, MÅ følgje Nordfjordexpressen. Den er på Eid kl. 08.30. Skal ein følgje denne bussen må ein sjølvesagt kome seg til riksvegen i tide og for eiga rekning. DET ER VIKTIG AT EIN GJEV SKIKKELEG TEIKN TIL BUSSEN OM AT EIN VIL FØLGJE DENNE BUSSEN.
    Dei elevane som kjem frå Hjelle og som skal til Stryn, kan gå på Nordfjordexpressen på Hjelle.
  • Dei elevane som bur på Hjelle og som skal på hospitering på Firda vgs eller Måløy vgs., kan følgje skulebussane. Desse bussane SKAL korrespondere med bussen til Sandane og Måløy.
  • Elevane som skal hospitere på Eid vgs. møter til vanleg tid på ungdomsskulen kl. 08.50. Ein går i lag til vgs. ca. kl. 09:45.

HOSPITERING PÅ EID VGS:
Hopsiteringa på Eid vgs brukar å vere ferdig til kl 14:30. Elevane følgjer då ordinær skulebuss heim. Hugs busskort!

Lærarane i dei ulike klassane vil informere elevane om kvar dei skal og kven som skal vere med av lærarar. Er det noko som er uklart, MÅ ein ta kontakt med kontaktlærar / dei lærarane som skal til dei ulike skulane.

Peder :)