Arbeidspraksis for 9. klasse

Etter påske skal 9. klasse ut i arbeidspraksis. Vi har så mange elevar på Eid ungdomsskule at arbeidspraksisen må fordelast på to veker.

pulje 1 - veke 15 - frå tysdag 7. april til fredag 10. april

pulje 2 - veke 16 - frå måndag 13 april til og med torsdag 16. april 

Fredag 17. april er vanleg skule for alle. Sjå elles utdelt plan for dei to vekene (eløevfri dag, skuledagar og arbeidspraksis). Ta kontakt med kontaktlærar om noke er uklart.

 


Ting å hugse på til arbeidsveka:

  • Ta kontakt med bedrifta på telefon eller ved oppmøte før arbeidspraksisen startar. NB - i arbeidstida. 
    Be lærar om hjelp om du har behov for det.
  • Beskjed til bedrifta ved sjukdom – Ringe og gje beskjed på telefon.
  • Ikkje bruk av mobiltelefon i arbeidstida.
  • Kle seg skikkeleg.
  • Vere gode representantar for bedrifta og Eid ungdomsskule.
  • Vere positiv og engasjert – gjere det ein får beskjed om. 
  • Lærarane prøver å besøkje bedrifta / eleven i løpet av arbeidsdagane. Om dette blir vanskeleg, prøver lærar å ringe bedrifta for å høyre korleis det går. 
  • Alle elevar skal skrive ein rapport frå arbeidspraksisen. Rapporten ligg på fronter under fag - utdanningsval. Sjå på malen før arbeidsveka, slik at de veit kva de skal finne ut i arbeidspraksisen.
    Lever rapporten i innleveringsmappe i same mappe på fronter - frist: 3 dagar etter avslutta arbeidspraksis.  
  • Kva klasse skal ha ein gjennomgang / oppsummering av arbeidsveka der elevane får fortelje om sine oppleveingar. Ta gjerne bilete osb. som kan visast for klassa / brukast i rapporten. 

Les meir om arbeidsveka her:  Informasjon om arbeidsveka

peder