Kontaktinformasjon - rådgjevar

Sveinung Alværn

Rådgjevar

tlf arbeid: 57863753

e-post: Sveinung.Alværn@eid.kommune.no

Foreldremøte 10. trinn - Søknad til vidaregåande skule

Rådgjevar på Eid ungdomsskule vil med dette invitere til informasjonsmøte i samband med søknad til vidaregåande skule.

Møtet blir måndag 23.november kl. 19:00. Stad for møtet er auditoriet på Eid ungdomsskule.

Innkallinga til foreldremøtet finn de her.

Møteinnhaldet blir slik:

Del 1 – ca. 45 minutt.

  • Den viktige rådgjevarrolla – vi er alle rådgjevarar
    • Føresette - Den mest betydningsfulle "rådgjevaren" 
    • Vennar og andre som står nært - meiningar og påverknad
    • Skulen: 
      • Faget utdanningsval med hospiteringar, arbeidsveke, partnerskapsbedrifter ++
      • Kontaktlærar og andre lærarar
      • Rådgjevar

    • "Det gode valet"
      • Interesser
      • Motivajson. 
      • Evner 
      • Kunnskap om moglegheiter. 
      • Framtidsutsikter / jobbmoglegheiter

  • Søknadsprosessen og plan framover. Viktige datoar framover (vilbli.no). 
      - NB 1. februar og 1. mars 
      • Desember - Samatalar for dei som ynskjer det. Både elev og elev og føresette. 
      • ca. 5 januar - Elevane får kodebrev frå MinID rett over nyttår - NB! viktig å ta vare på.
      • ca. 5.-10. januar - Gjennomgnag/demonstrasjon i kvar klasse - Korleis registrere seg og søkje.
      • Januar og februar - Individuelle samtalar med elev eller elev og føresette. 
        Det blir sendt heim eige skjema som skal fyllast ut med ynskje om samtale. Skjem blir sendt heim med elevane på førstkomande onsdag. 
      • 1. februar - frist søknad spesielundervisning 
      • 1. mars - ordinær frist 
        • frist vedlegg 2 - melding om tilpassa opplæring 
        • frist vedlegg 3 - Søkand om skuleplass i ein bestemt region - sakkunnig uttale. 

  • Yrkesfagleg utdanningsprogram kontra studieførebuande utdanningsprogram
    • – ulike krav, forventningar og moglegheiter.
      • Eid vgs. v/Lillian Moss orienterer føresette om problemstillingar kring dette emnet (5-10 minutt) 

  • Kort presentasjon av dei fire ulike vidaregåande skulane i Nordfjord. (2-3 minutt til kvar skule.)
  • Praktisk informajosn om del 2. 
    • Eid vgs. - rom auditorium 
    • Firda vgs. - Rom 8
    • Måløy vgs. - Rom 6
    • Stryn vgs. - Rom 1 

Del 2.

Parallelle presentasjonar frå Eid, Firda, Måløy og Stryn vgs. Alle får tilbod om å få informasjon frå to av skulane. 

  • 20 min. – Presentasjon 1 – Alle vel ein vg. skule - start kl. ?
  • 20 min. – Presentasjon 2 – Alle vel ein anna vg. skule - start kl. ?
  • Individuelle spørsmål til dei vidaregåande skulane etter siste presentasjon. 

______________________________________________________________________________________________________

Anna informasjon: 

Utdannings og yrkesmesser på dei vidareågande skulane: 

  • Stryn vgs.    – 19.11.2015 (NB – sjekk dato)
  • Måløy vgs.    – 12.01.2016
  • Eid vgs.        – 14.01.2016
  • Firda vgs.     – 19.01.2016

 

Vel heim!