Velkommen til ungdomscamp på Mo og Jølster vidaregåande skule 23.-27. juni 2014.

Mo og Jølster vidaregåande skule inviterer ungdomsskuleelevar (8.-10. klasse) til ei veke med ungdomscamp på Mo i slutten av juni 2014 (veka etter skuleslutt).


Innhaldet i ungdomscampen vil vere praktisk retta med ulike aktivitetar innan naturbruk. Stell av husdyr,
skogbruk, fisking, riding, bruk av maskiner og reiskapar er noko av det du får vere med på. I tillegg vert det lagt
opp til overnattingstur på Mostølen og aktivitetar på kveldstid. Skulen stiller med kjeledress til bruk i
husdyrbruket og nødvendig verneutstyr i skogen.
Tilbodet, som er ein del av eit 3-årig prosjekt, er gratis. Campen legg opp til ei sosial, opplevingsrik og allsidig
veke i trygge/flotte omgjevnader på fylket sin mest tradisjonsrike skule. Skulen har internat for overnatting og
matservering, så ungdomsskuleelevar frå heile fylket kan ta del. Det er 16 elevar som får tilbodet.
Det kjem annonse i avisene i mars med bindande påmeldingsfrist. Om du alt no er interessert, så kontakt
underteikna for å få meir informasjon.

Les meir her: Sommarcamp - Mo og Jølster vgs.

peder :)