Kontaktinformasjon - rådgjevar

Sveinung Alværn

Rådgjevar

tlf arbeid: 57863753

e-post: Sveinung.Alværn@eid.kommune.no

Ungdomscamp på Mo og Øyrane vidaregåande skule på Mo, 20.-24. juni 2016

Mo og Øyrane vidaregåande skule inviterer også i år ungdomsskuleelevar (8. og 9. klasse) til ei veke med ungdomscamp på Mo, i veka etter skuleslutt.


Innhaldet i ungdomscampen vil vere praktisk retta med ulike aktivitetar innan naturbruk. Stell av husdyr, skogbruk, fisking, riding og bruk av maskiner og reiskapar er noko av det du får vere med på. I tillegg vert det lagt opp til ein overnattingstur på Mostølen og aktivitetar på kveldstid. Skulen stiller med kjeledress til bruk i husdyrbruket, og nødvendig verneutstyr i skogen.


Tilbodet, som er ein del av eit 3-årig rekrutteringsprosjekt, er gratis. Campen legg opp til ei sosial, opplevingsrik og allsidig veke i trygge og flotte omgjevnader på Mo. Skulen har internat for overnatting og matservering, så ungdomsskuleelevar frå heile fylket kan ta del.

Det er dei 20 første elevane som melder seg på som får tilbodet. Siste frist for påmelding er 1. juni.
Påmelding på skulen si heimeside www.moy.vgs.no . Ein kan også bruke denne direktelinken for påmelding: https://sfj.pameldingssystem.no/ungdomscamp-pa-mo

Kontakt underteikna for meir informasjon.
Knut Vebjørnsen
-oppdragsleiar - Tlf. 415 30 735