Kontaktinformasjon - rådgjevar

Sveinung Alværn

Rådgjevar

tlf arbeid: 57863753

e-post: Sveinung.Alværn@eid.kommune.no

Hospitering 10.klasse

 

Hospitering for 10 klasse - 24. og 25. oktober

Måndag 24. oktober og tysdag 25 oktober er det hospitering på vgs. for 10. klasse. Lærarane har oversikt over kven som skal på dei ulike skulane og dei ulike utdanningsprogramma. 
Dei vidaregåande skulane har lagt ut viktig informasjon om hospiteringa på heimesidene sine (sjå lenker under).

Det er viktig at både elevar og lærarar får denne informasjonen før ein reiser. Enkelte elevar skal t. d. ha med seg ulike typar kle.

Detaljerte tidsskjema finn de på lenkene under. På Firda blir det lagt opp til at ein kan ta bussen som går tilbake til Eid kl 14.55

Lenke til dei ulike skulane:

  • Eid vgs

http://www.eid.vgs.no/hospitering-24-og-25-oktober.5912472-367171.html

  • Stryn vgs

http://www.stryn.vgs.no/hospiteringsdagar-for-10-klasse.5916514-368015.html

  • Mo og Jølster vgs. (informajosn er utdelt til elevane)
  • Firda vgs

http://www.firda.vgs.no/utdanningsval-hospitering.5908307-367183.html

  • Hafstad vgs

http://www.hafstad.vgs.no/getfile.php/3649513.2344.cuppbuewvu/MK+Utdanningsval+hausten+2016+C+workshops.pdf?&force=1

Rådgjevar bestiller plass på bussane. Reiserute til dei ulike skulane frå rutebilstasjonen på Eid er slik :

Stad Tur Retur Lærar måndag Lærar tysdag
Sandane 09:15 14:55 Ingebjørg Ingebjørg
Stryn 07:40 14:35 Vaksenopplæringa stiller med ein lærar i Stryn.

 ---------------

Mo 07:20 15:55 (tysdag) Torleiv --------------
Førde 07:20 15:45 (tysdag) Ove --------------

Desse tidene gjeld begge dagane for Stryn og Sandane..

  • Det er bestilt plass på bussane frå Eid. 
  • Dei elevane som skal på hospitering på Firda vgs  og tar skulebuss gjer dette som vanleg.  Desse bussane SKAL korrespondere med bussen til Sandane.
  • Elevane som skal hospitere på Eid vgs. møter til vanleg tid på ungdomsskulen kl. 08.50. Ein går i lag til vgs. ca. kl. 09:45.

HOSPITERING PÅ EID VGS:
Dei elevane som rekk skulebussane frå ungdomsskulen kl. 14.35, følgjer sjølvsagt den vanlege bussen. Hugs busskort!

Lærarane i dei ulike klassane vil informere elevane om kvar dei skal og kven som skal vere med av lærarar. Er det noko som er uklart, MÅ ein ta kontakt med kontaktlærar / dei lærarane som skal til dei ulike skulane.

Ein kan og sjølvsagt kontakte rådgjevar.

Lykke tilJ

Sveinung Alværn