VGS - Informasjon om opplæringstilbod og søknad.

Opplæringstilbodet for skuleåret 2014–2015 er no klart
Hovudutvalet for opplæring har vedteke kva opplæringstilbod som skal lysast ut for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane neste skuleår. Vi har samla opplæringstilbodet og viktig informasjon knytt til dette i ein eigen brosjyre.

Søknadsfristen for ordinær søknad til opplæring i skule og bedrift er 1. mars. Søknadar om spesialundervisning har frist 1. februar.
 
Last ned brosjyre: Opplæringstilbodet for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2014–2015.       
Lenke til brosjyra finn du og i rådgjevarmenyen til venstre.