Arbeidsveke for 9 trinn - våren 2015

Arbeidsveka for 9. trinn våren 2015 er sett til desse datoane:

  • Pulje 1 - Tysdag 7. april til og med fredag 10. april
  • Pulje 2 - Måndag 13. april til og med torsdag 16. april

I samband med faget utdanningsval vil du få høve til å prøve ut eit yrke i 4 dagar på 9.trinn. Val av yrke skal i den grad det er mogeleg, byggje på det utdanningsprogrammet du hospiterte på på vidaregåande skule. For å få dette til må EUS la arbeidspraksis gå over to veker. Rådgjevar har ansvar for å skaffe arbeidsplassar i Eid kommune.

Dersom du ynskjer å prøve ut eit yrke utanfor Eid kommune, må du sjølv skaffe arbeidsplass. Føresette må dekke kostnader og ta på seg ansvaret for deg den tida du er borte. ( Er det aktuelt, må du fylle ut eit anna skjema). Dersom det ikkje let seg gjere å hospitere utanfor Eid kommune i dei vekene det er utplassering, kan du legge arbeidspraksisen til ei anna veke mot at du er på skulen når andre elevar har yrkespraksis. Det vil vere elevar på skulen i begge vekene det er arbeidspraksis.

Dersom du ev. legg arbeidsveka til vinter- eller påskeferien, vil du etter avtale med kontaktlærar, få fri i ei av dei to arbeidspraksisvekene.

Sjå "Kva skjer" for å finne ut kva veker det er arbeidsveker dette skuleåret.

 

Private avtalar om arbeidspraksis

Det er svært viktig at ikkje elevane sjølve eller føresette avtalar med bedriftene om arbeidspraksis. Følgjene dette får er:

  • Enkelte bedrifter vil oppleve stor pågang av elevar og føresette i tida før arbeidspraksisen. Dette vil vere ei ekstra belastning for bedrifta.
  • Bedriftene vil bli fordelt ut frå kva utdanningsprogram elevane har valt på hospiteringsdagen.

Grunna desse følgjene og at ein ikkje skal "premiere" dei som avtalar privat, blir det ikkje teke omsyn til dei som gjer slike avtalar når bedriftene skal fordelat mellom elevane.