Skuleskyss

De finn regelverket for skuleskyss her.

  • Kortet er personleg med namn og kortnummer. Det er ikkje lov å låne ut til andre eller bruke det utover fri skuleskyss for våre elevar i 8.-10. klasse som bur meir enn 4 km frå skulen.
  • Kortet takast vare på og elevane må minnast på at dei må ha det med kvar dag til skulen.
  • Gjeld berre for reiser mellom heim og skule kl. 08.50 – 14.30 for vår skule. Kortet gjeld ikkje på fridagar og i feriar.
  • Har ein gløymt kortet så får eleven vere med bussen om morgonen, men må ta kontakt med Laila på kontoret for å låne reservekort til heimreisa. Utan reservekort må eleven betale for heimreisa sjølv.

Elles gjeld vanlege reglar for tryggleik på skulevegen:

  • vent til bussen har stoppa
  • gå roleg på
  • register skysskortet og legg det i ranselen igjen
  • bruk setebelte
  • sitt roleg
  • gå roleg ut av bussen
  • vent med å krysse vegen til bussen har køyrd.

Meld ifrå til skulen dersom eleven sjølv blir mobba eller ser andre blir det. Eleven kan bli nekta tilgang på bussen ved gjentekne tilfelle av bråk, mobbing eller anna oppførsel som verkar inn på trafikktryggleiken.

Uroa ikkje sjåføren unødig under fart!

Skjema for avtale om delt bustad finn du her.