Valfag

VALFAG VED EUS 2017 – 2018

Skuleåret 2017 – 2018 vil alle elevar ved EUS kunne velje mellom 7 ulike valfag. Kva for valfag ein tilbyr ved skulestart, er avhengig av kva valfag elevane vel. Eleven må derfor setje opp fire ulike val. Eleven kan velje ulike valfag kvart år eller same valfag i to eller tre år dersom EUS tilbyr valfaget. Det er ikkje høve til å bytte valfag i løpet av skuleåret. Meir informasjon finn de på www.udir.no eller ved å ta kontakt med EUS Vi vil her gje ein kort presentasjon av dei ulike valfaga.

 

Design og redesign

I valfaget design og redesign skal elevane lære å jobbe i dei ulike fasane i en designprosess fram til et ferdig produkt. Valfaget egnar seg godt til tverrfagleg arbeid mellom kunst og handverk/doudji, naturfag og samfunnsfag, osv. Design og redesign kjem også inn på andre valfag som sal og scene, produksjon av varer og tenester og teknologi i praksis. Eksempel kan være design av kostymer og design av produkt for elevbedrifter, o.l..

Valfaget er delt inn i dei to hovudområda designprosess og produkt. Eit ferdig produkt/ein prototype er ein del av designprosessen. Når designprosess og produkt er skilt ut som eigne områder i læreplanen, er det for å understreke betydinga av vegen fram til eit ferdig produkt.

Hovudområda må midlertidig sjåast i samanheng. Å leggje vekt på ein grundig prosess kor man kartlegg, vurderer og vel ut frå ulike løysingsalternativ, er avgjerande for eit godt produkt. Med eit produkt meinast i dette valfaget en gjenstand som er eit resultat av ein designprosess.

Praktisk skapande arbeid er sentralt. Bruk av relevante materiale, verktøy og utstyr er avgjerande for kvaliteten på produktet.

Omgrepa design og redesign er nært be slekta og opnar opp for ulike tolkingar. Design byggjer på eit samarbeid som tek utgangspunkt i at det er ein mottakar ein skal designe for.

Redesign omfattar fornying, gjenbruk eller utvikling av eksisterande produkt, og skal gjere desse produkta meir miljøvennlege.

Faget føreset samarbeid på ulike nivå mellom elevar, med brukarar og ev. med oppdragsgjevarar.

I valfaget design og redesign skal elevane planleggje, designe eller redesigne for å lage eit eller fleire produkt basert på deira eigen idé. Hovudmålet er å utvikle elevane sin kreativitet og praktiske handverksferdigheit gjennom eige praktisk, skapande arbeid. Det er viktig å lage gode produkt med høg estetisk og handverks messig kvalitet, slik at elevane ser verdien av for eksempel redesign.

Fysisk aktivitet og helse

Faget fysisk aktivitet og helse skal bidra til at den einskilde elev får betre fysisk helse og betre trivsel. Samtidig skal faget vere med på å bidra til eit meir praktisk og motiverande ungdomstrinn.

Faget har to hovudområde: fysiske aktivitetar og kosthald /helse. Hovudområdet fysisk aktivitet uttrykkjer at elevane skal delta i ulike fysiske aktivitetar. Aktivitetane skal samla sett gje elevane erfaring med mange ulike aktivitetar, og styrke kroppsmedvit og samhandlings-kompetanse. Hovudområdet kosthald og helse uttrykkjer at eleven skal få ein kompetanse knytt til å forstå og opptre ut frå kunnskapen om samanhengen mellom fysisk aktivitet, kosthald og helse. Dette inneber at elevane skal bli i stand til å organisere sin eigen kvardag, og gjere gjennomtenkte val i forbindelse med aktivitets- og kosthaldsvaner. Eleven bør også utvikle kompetanse til å kunne justere vanane basert på ei eigenvurdering av livsstil, fysisk helse og trivsel.

Kompetansemåla i faget er praktisk innretta. Hovudområda må sjåast i samanheng, og det kan vere aktuelt å jobbe med fleire av kompetansemåla samtidig på tvers av hovudområda.

Faget fysisk aktivitet og helse er tverrfagleg. Det byggjer opp under kompetansemåla i kroppsøving og mat og helse, og kan også innehalde element frå naturfag.

Internasjonalt samarbeid

I dette valfaget vil elevane få kunnskap om og øve ferdigheiter i å kommunisere med ungdom i andre land. Valfaget er delt inn i to hovudområde, kommunikasjon og samfunn/ kultur, som skal sjåast i samanheng.

Kommunikasjon står sentralt i dette valfaget, og elevane skal kunne etablere og utvikle kontakt med elevar i andre land. Elevane vil gjennom praktisk arbeid øve på og utvikle evne til å kommunisere ved at dei planlegg og produserer tekstar, bilete, lyd- og videofiler, og ved at dei utvekslar informasjon med andre elevar. Bruk av IKT og media er ein føresetnad for arbeidet i valfaget.

I kontakt med elevar i andre land er praktisering av eit framandspråk ein naturleg del av kommunikasjonen. For dei fleste elevane vil engelsk vere språket dei brukar i denne samanhengen. På skular der forholda ligg til rette, kan eit anna framandspråk enn engelsk nyttast. Praktisk bruk av språket betyr at elevane må lære seg å lytte, snakke, lese og skrive og kunne tilpasse språket til ulike emne og kommunikasjonssituasjonar. Evne til skriftleg og munnleg framstilling vil derfor stå sentralt i dette valfaget.

Elevane skal i samråd med læraren velje eit tema, finne fram til ein hensiktsmessig kommunikasjonsteknologi og eit språk som eigner seg i denne samanhengen. Elevane skal få kjennskap til dei grunnleggjande reglane for nettvett, personvern, opphavsrett og ytringsdom.

Natur, miljø og friluftsliv

I valfaget natur,miljø og friluftsliv deltek elevane i aktivitetar knytt til friluftsliv som gjev opplevingar, og som kan lære dei til å bruke naturen på ein hensiktsmessig måte. Faget skal legge til rette for at elevane får bruke sansane, får stimulert nysgjerrigheita og blir glad i naturen. Dei skal også lære ”å lese naturen”.

Val av varierte læringsarenaer og metodar skal gje elevane høve til å arbeide praktisk med klima- og miljøspørsmål og til å engasjere dei i spørsmål om bærekraftig utvikling. Elevane må kjenne til korleis dei bør handle lokalt for eventuelt å kunne sjå klima- og miljøspørsmål i ein global samanheng. Valfaget vil kunne gje elvane viktig innsikt ved at dei lærer å finne informasjon hos organisasjonar frå inn- og utland.

Valfaget er prosjekt- eller gruppebasert og hentar hovudelement frå naturfag, samfunnsfag og kroppsøving, men kan også hente element frå engelsk/framandspråk, RLE, musikk og kunst og handverk.

Hovudområde:

Friluftsliv

Dette hovudområdet omfattar eit breitt spekter av aktivitetar i naturen og gjev praktiske erfaringar med natur og friluftsliv. Turar av ulik varigheit, fiske, hausting, dyrking og skjøtsel kan høyre inn under hovudområdet. Allemannsretten og gjeldande reglar for bruk av natur og naturressursar er dermed sentralt stoff. Hovudområdet omfattar også å utnytte og ta vare på ressursar i naturen i form av matkonservering og handverksprodukt som del av tradisjonen og naturopplevinga.

Miljø

Dette hovudområdet handlar om å ta vare på naturen og å utnytte ressursane på ein bærekraftig måte gjennom ulike aktivitetar. Vidare omfattar hovudområdet forståing av miljøutfordringar i lokalsamfunnet, og eventuelt kunne setje desse i samanheng med globale utfordringar.

Programmering

Faget programmering er delt inn i to hovudområde: Modellering og koding. Mål for faget er mellom anna at elevane skal kunne finne ut korleis datamaskiner og program fungerer, inkludert eit utval programmeringsspråk og deira bruksområde. Elevane skal lære å bruke fleire programmeringsspråk, der minst eitt er tekstbasert.

Utklipp frå føremål  med faget frå forsøkslæreplanen, UDIR si nettside:

Vi lever i en teknologirik verden hvor de fleste forholder seg til en rekke digitale enheter daglig. Bruken av digital teknologi øker i alle samfunnsområder, innen alt fra samferdsel til helse, og stiller nye krav til digitale ferdigheter. Utviklingen av det teknologirike samfunnet vi har i dag og i fremtiden, utfordrer både måten vi lærer på og hvilke kompetanser som blir viktige. Uavhengig av yrkesvalg vil en grunnleggende forståelse av teknologiens oppbygning og virkemåter være en nødvendig del av fremtidens kompetanse.

Programmering er en viktig ferdighet i dagens samfunn, som inngår i de fleste fagområder, fra digital musikk til naturvitenskap og matematikk. Programmering åpner for å utforske komplekse og realistiske modeller av virkeligheten. Det gir også utvidede muligheter til å behandle store datamengder. Å gi elever grunnleggende ferdigheter i programmering er med på å forberede dem for fremtidige realfaglige jobber, i tillegg til å øke forståelsen for naturvitenskapelige og matematiske problemer.

Valgfaget programmering handler om å lage programkode, det vil si et sett med regler og uttrykk for å styre digitale enheter. I dette inngår prosessen fra å identifisere problemer og utforme mulige løsninger, til å lage kode som kan forstås av en datamaskin, systematisk feilsøke og forbedre denne koden, og dokumentere løsningen på en forståelig måte. Det omfatter alle nivåer fra å forutse og analysere hva et program skal gjøre, til å kjenne igjen mønstre, eksperimentere og evaluere mulige løsninger, og samarbeide med andre. Summen av disse ferdighetene kalles algoritmisk tankegang.

Opplæringen skal legge til rette for at elevene lærer å løse problemer på nye måter. Elevene skal få muligheten til å utvikle sin kreativitet og skape produkter ved hjelp av programmering. Gjennom å lage programmer oppøver elevene også ferdigheter i å vurdere eget og andres arbeid, gi konstruktive tilbakemeldinger og samarbeide med andre. Å skape og produsere digitalt, krever forståelse og kompetanse i programmering.

Sal og scene

Målet med faget er at elevar som vel det får høve til å skape og formidle kreative uttrykk, både individuelt og saman med andre. Faget legg vekt på det audiovisuelle aspektet ved kunst, noko som inneber at det som blir skapt og formidla både kan opplevast og høyrast. Dette kan vere ulike produksjonar der det visuelle og auditive er presentert, for eksempel musikk, lyd, dialog til film, bilete, installasjonar eller sal- og sceneopptreden. Dette opnar opp for ulike produksjonar og for samarbeid mellom elevar med ulike, kreative og praktiske interesser.

Ein produksjon er å arbeide fram eit sluttprodukt. Ein slik prosess inneber ei veksling mellom idéarbeid, utprøving, evaluering og vidareutvikling, før produktet er ferdigstilt og kan presenterast. Det er viktig at alle produkta som blir skapt og formidla er tydeleg forankra i kompetansemåla, og at desse måla er konkretisert og kjent for elevane.

Faget har to hovudområde, skape og formidle. Hovudområdet skape uttrykkjer at elevane skal få tid og høve til å utforske eigne idear til ein skapande produksjon. I dette ligg det også ei realisering av ideane. Her kjem prosessen og sjølve arbeidet med å utvikle ideen til eit produkt. Det andre hovudområdet formidle uttrykkjer eleven sin presentasjonskompetanse. Formidling av kunst er ein del av sjølve kunsten, og det kan ligge mykje læring i sjølve formidlinga.

Kvart hovudområde har kompetansemål som grunnlag for opplæringa. Hovudområda må sjåast i samanheng, og kompetansemåla er slik innretta at i ein større produksjon vil for eksempel mange av dei vere aktuelle.

 

Teknologi i praksis

Valfaget teknologi i praksis kan ta utgangspunkt i mange ulike område i samfunnet: transportteknologi, dagleglivets teknologi (mat, hus, klede, forbrukarkjemi), industriell teknologi, mekanikk i leik, idrett og trening, musikkteknologi og elektronikk og digitalteknologi og så vidare.

I dette valfaget skal elevane velje tema frå teknologiske emne og undersøkje, planleggje, konstruere og framstille gjenstandar ved hjelp av variert materiale og teknologiske løysingar. Gjennom arbeidet med valfaget skal elevane utvikle teknologisk kunnskap og kjennskap til design av ulike produkt. I framstillinga av gjenstandane inngår det å velje og å arbeide med materiale, utstyr, verktøy, komponentar og teknikkar, vurdere produkta og å bli kjend med produksjonsprosessar. I arbeidet kan det òg inngå dokumentasjons- og refleksjonsoppgåver.

Faget hentar hovudelement frå matematikk, naturfag og kunst og handverk, men også element frå norsk, RLE og samfunnsfag kan vere aktuelle. Faget kan vere individ- eller prosjektbasert, og eit hovudføremål er å utvikle innsikt og kreativitet med teknologiske løysingar hos elevane. Bruk av digitale verktøy skal inngå i faget.

Valfaget er delt inn i to hovudområde. I det eine hovudområdet ligg vekta på at elevane skal gjere undersøkingar av eit eller fleire teknologiske produkt. I det andre hovudområdet skal elevane utvikle idear til eit teknologisk produkt, planleggje og lage det. Hovudområda skal ein sjå i samanheng.

Elevar som vel dette valfaget, vil få høve til å delta i «Lego-League konkurransen»First Lego League er ei kunnskaps- og teknologiturnering for barn frå 10 til 16 år som blir arrangert kvart år. Konkurransen First Lego League (FLL) gjev kvart år eit nytt oppdrag som barn over heile Skandinavia konkurrerer om å løyse. I konkurransen skal ein bruke forsking, teknologi og formidling til å kome opp med nye idear om korleis ein kan løyse eit bestemt problem.

I arrangementet, som går av stabelen i Operahuset, konkurrerer skular frå Nordfjord mot kvarandre.