FAU

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Referat frå FAU møte på EUS finn du her

Temakveld

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Invitasjon til temakveld "Kvardagsutfordringar i ungdomstida" tysdag 11. september kl. 19.00 i Operahuset finn du her.

Foreldremøte 10.trinn

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Torsdag 30.august er det foreldremøte for 10. trinn på EUS. På møtet vil det m.a. bli informert om hospitering og eksamen. Møtet startar kl. 19.00 i auditoriet. Elevane vil få med seg skriv heim om saka, men du finn det også her. 

Fredag 24.august er det "Bondens dag" for 10. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Fredag 24. august skal 10. trinn på gardsbesøk til Knut Tore Nes Hjelle og i Leivdalen. Elevane skal sykle til dei ulike stadane. Bondelaget står for arrangementet med grilling og ulike aktivitetar for elevane. Dagen blir avslutta med fotballkamp mellom elevane og Bondelaget. Dette gler vi oss til:) Informasjon om dagen finn du her, men Informasjonsskrivet blir også lagt ut på  It's learning og på facebooksida. 

Mobbeombod i Sogn og Fjordane

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Sogn og Fjordane eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet i Sogn og Fjordane heiter Aina Drage. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 91 87 90 92 eller på e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. Du kan følgje ombodet på Facebook (www.facebook.com/Mobbeombodet i Sogn og Fjordane).

Du kan lese meir om ombodet og kva ho kan hjelpe deg med på www.sfj.no/mobbeombodet

Skulestart 2018

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Eid ungdomsskule ynskjer elevar og tilsette velkomne til nytt skuleår. Elevane møter 20. august og tilsette møter til kursstart den 14. og 15. august. Avreise frå EUS tysdag kl. 08.15 og onsdag kl. 07.45.

Vel møtt!

Avslutningsfest 10. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Torsdag 21. juni skal vi ta farvel med den flotte gjengen i 02-kullet. Tradisjonen tru har elevane laga eit mangfaldig og underhaldande program som dei viser i Operahuset kl. 18.00. Dette er gratis og ope for alle!

Resten av kvelden er kun for elevar, føresette og lærarar. Då blir det festmiddag, talar og dans. Vi håpar at dette blir ein minnerik kveld som elevane kan sjå tilbake på med glede!