Tur til Aasentunet

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

9. trinn har vore på tur til Aasentunet 1.juni. Ein glad gjeng sette seg i bussane kl. 9.00 for å nå ferja på Folkestad. I kafeen på ferja vart det rift om svelene, og dei som kom fyrst til mølla fekk kjøpe. På Aasentunet  fekk vi  både omvisning og infomasjon om Ivar Aasen. Det vart ein svært lærerik tur for elevane. 

amfi

9b komp heile gjengen

 

Filmsalen blanda drops

Avslutning på kjøkkenet

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Eit skuleåret går fort! Vi er allereie i gang med avslutninga på kjøkkenet for 9. trinn. Denne veka har dei fått vist at dei kan bake kaker, dekke festbord og lage ulike salatar.  Dei har fått vist fram alt dei har lært i løpet av året. Det vart ei triveleg stund på kjøkkenet med god mat. 

9c festbord komp               

 

 

 

    

 9b buffet komp

9b jakob og Olav komp

Tilbake til 1800-talet

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

8. trinn har siste vekene arbeidd med Storyline om livet på Eid på 1800-talet. Etter å ha blitt fordelt og sett inn i kvar sine familiar, har elevane laga rollespel om livet i familien. Dei har og teikna huset til familien og dei ulike karakterane i familien sin. I dag framførte dei meisterverka sine som omhandla det til dels turbulente familielivet på 1800-talet, som innebar mykje hardt arbeid, sjukdom, vanskele kjærleik og kampen for å brødfø familiane sine. Etter framsyninga vart det ein velfortent matbit i Jektehola. Etter mat fekk elevane bryne seg på gamle leikar og aktivitetar, i tillegg til ein quiz med gamle reiskapar som dei skulle finne ut kva blei nytta til. Alt i alt ein kjekk dag ute i sola! :) 

DSC 0068

Tinestafetten 2016

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Tysdag den 10.mai  var 8. og 9. klasse på Tinestafetten i Hornindal. Med høg temperatur og nydeleg vårsol, var det duka for ein fin stafett.

For 8. klasse sprang B klassa inn til ein 2. plass på tida 3,55,90. A og C klassa kom inn til 4. og 6. plass.

For 9. klasse sprang B klassa inn til ein 2. plass på tida 4,00,40. A og C klassa kom inn til 4. og 7. plass.

Du kan sjå heile resultatlista her. 

God innsats frå alle :) 

lagbilete 8.trinn

lagbilete 9. trinn

Internasjonal mat på timeplanen

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

9. trinn har denne veka hatt internasjonal mat som tema i mat og helse. Festbord var dekka og elevane viste stor iver. Godt jobba!

IMG 0075 800x600  IMG 0066 800x600
IMG 0071 800x600  IMG 0063 800x577

Avslutningsfest 10. trinn!

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Malakoff2

10.trinn inviterer til avslutningsfest torsdag 16. juni i Operahuset Nordfjord.

Underhaldninga i Kultursalen startar kl. 18.00. Du finn invitasjonen her.

  • Påmelding innan 27.mai, men helst så fort som råd
  • Prisen er kr. 315,- pr person, innbetalingsfrist 3.juni
  • Innbetaling til konto:  3790.15.43012

(Merk innbetalinga med: Avslutningsfest +  namn på elev) 

Trinnet sitt årsmøte 9.trinn

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Minner om årsmøtet for 9. trinn onsdag 27.april kl. 19.00 Der vil elevane vise fram og snakke om det dei har gjort i løpet av året. Bjarte Gangeskar vil også halde eit innlegg for foreldra om utfordringar i ungdomstida. Det vil og bli val av nye klassekontaktar denne kvelden. Vel møtt!

Trinnet sitt årsmøte 10. trinn.

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Torsdag 28.april kl. 19.00 skal 10.trinn ha sitt årsmøte.Der vil vi vise fram bilete og fortelje om vinterturen. Lensmann Hvattum  vil halde eit innlegg for foreldra.

Elevane har fått med seg heim eit skriv om årsmøtet, men du finn det også her. Hugs påmelding seinast fredag 22. april.

Stopp vald

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Stopp vald er eit program i Røde Kors mot vald i heimen, mobbing, og anna vald.

Hovudmålsettinga til Stopp vald er å utvikle gode tiltak og løysingar som set lokalforeiningane i stand til å drive haldningsskapande arbeid og å utføre aktivitetar som kan avgrense omfanget av vald i samfunnet. Kvart år får dei fleste 9. klassingane og russen eit informasjonsprogram saman med ei t-skjorte eller eit transfermerke med eit handtrykk på. Logoen er eit symbol på at ein tek avstand frå val, mobbing og rasisme. I dag fekk alle 9.klassingane på EUS kvar si t-skjorte. 

Trinnet sitt årsmøte 9.trinn

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Det nærmar seg tid for avvikling av trinnet sitt årsmøte. Onsdag 27.april kl. 19.00 skal 9.trinn ha sitt årsmøte. Der vil elevane vise fram og snakke om det dei har gjort i løpet av året. Bjarte Gangeskar vil halde eit innlegg for foreldra om utfordringar i ungdomstida. Det vil og bli val av nye klassekontaktar denne kvelden.  Elevane har fått med seg heim eit skriv om årsmøtet, men du finn det også her.