Hemmeleg helt

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Fredag 11.mars skal 8. og 9. trinn ved Eid ungdomsskule høyre kåseriet om den hemmeleg helten, Knut Haugland. Han deltok på verdas mest kjente sabotasjeaksjon; tungtvannsaksjonen mot Nazi-Tysklands atombombeprosjekt. Etter krigen deltok han på verdas mest berømte ekspedisjon, om bord på Kon-Tiki over Stillehavet. Under kåseriet viser forfattaren Svein Sæter både bilde og filmklipp, og ikkje minst brev og krigsrapportar frå Knut Hauglands eige arkiv. Foredraget blir vist i Operahuset i regi av Den kulturelle skulesekken.  9. trinnet jobbar med temaet den 2. verdskrigen, så dette blir interessant. hemmeleg helt

 

 

9. mars

. i kategorien Nyheiter

Onsdag den 9. mars er det elevfri dag. Lærarane har intern planleggignsdag.

Teknologileir for 9. klasse

. i kategorien Nyheiter Rådgjevar

Hei!

Her kjem invitasjon til Teknologileir for årets 9. klassingar - SJÅ HER

I fjor hadde Eid ungdomsskule fleire elevar som var med på denne leiren. Dei synst det var kjempekjekt og dei lærte mykje. Har du lyst å vere med, må du vere rask å melde deg på. "først til mølla". 

 

Link til påmeldding finn du her: http://goo.gl/forms/4MMvz9LYgL

Meir informasjon finn du her: http://pro.sf.no/

Eller ved å følgje oss på Facebook: https://www.facebook.com/Prosfj/

Har du spørsmål kontakt: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Aktive 8.trinn

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

I friminutta har det vore stor aktivitet på 8. trinn i heile år. No er både gutar og jenter i full gang med både bordtennisturnering og heftig dansing i friminutta. Alltid kjekt med litt liv og røre! :)

IMG 3316IMG 3319

IMG 3321IMG 3324

Hospitering for 9. klasse - 7. og 8. mars.

. i kategorien Nyheiter Rådgjevar

Måndag 7. mars og tysdag 8. mars er det hospitering på vgs. for 9. klasse. Lærarane har oversikt over kven som skal på dei ulike skulane og dei ulike utdanningsprogramma. 
Dei vidaregåande skulane har lagt ut viktig informasjon om hospiteringa på heimesidene sine (sjå lenker under).

Det er viktig at både elevar og lærarar får denne informasjonen før ein reiser. Enkelte elevar skal t.d. ha med seg ulike typar kle.

Hospiteringa varer stort sett frå kl. 10.00 (Firda 10:15) til 15.00. Detaljerte tidsskjema finn de på lenkene under. På Firda blir det lagt opp til at ein kan ta bussen som går tilbake til Eid kl 14.55

Lenke til dei ulike skulane: 

Rådgjevar bestiller plass på bussane. Reiserute til dei ulike skulane frå rutebilstasjonen på Eid er slik :

Stad Tur Retur Lærar som blir med måndag Lærar som blir med tysdag
Sandane 09:15 14:55  Ingebjørg  Ingebjørg
Stryn 07:40   15:30  Line
 Siri
Måløy 08:55

Måndag: Kl 14:23 frå Tennebø,vgs
Tysdag : Kl 16:00 frå Tennebø,vgs

Kristian Torleiv
 Mo  07:20  15:55 (tysdag)  
 

Desse tidene gjeld begge dagane.

  • Det er bestilt plass på bussane frå Eid. 
  • Til Stryn vgs.:
    Alle elevar som skal til Stryn vgs på hospitering, MÅ følgje ordinær skulebuss. Den går frå Eid kl. 07.40. Dei elevane som er frå Haugen, Stårheim eller Kjølsdalen MÅ  kome seg til Eid på eiga hand til kl. 07:40. Ein kan følgje bussen frå Måløy til Eid som er på Eid 07:00, men då må ein vente på Eid i 40 minutt.
    Dei elevane som kjem frå Hjelle og som skal til Stryn, kan gå på bussen på Hjelle.
  • Dei elevane som bur på Hjelle og som skal på hospitering på Firda vgs eller Måløy vgs., kan følgje skulebussenbussen. Desse bussane SKAL korrespondere med bussen til Sandane og Måløy.
  • Elevane som skal hospitere på Eid vgs. møter til vanleg tid på ungdomsskulen kl. 08.50. Ein går i lag til vgs. ca. kl. 09:45.
  • Om det er nokon som ikkje skal vere med bussen heim den første eller andre dagen. Skal ein ha med og levere skriftleg melding om dette (meldingsbok). Dette gjeld dei som skal sitte på med foreldre heim eller om ein skal overnatte med slekt til neste dag.

HOSPITERING PÅ EID VGS:
Dei elevane som rekk skulebussane frå ungdomsskulen kl. 14.35, følgjer sjølvsagt den vanlege bussen. Hugs busskort!

Lærarane i dei ulike klassane vil informere elevane om kvar dei skal og kven som skal vere med av lærarar. Er det noko som er uklart, MÅ ein ta kontakt med kontaktlærar / dei lærarane som skal til dei ulike skulane.

Er det noko som er uklart, MÅ elevane spørje lærar eller rådgjevar. 

Peder :)

Studentar i praksis - og skuleovertaking

. i kategorien Nyheiter

I veke 6, 8 og 9 har vi studentar her ved Eid ungdomsskule. Det er studentane som var her i haust, som går 3. året på lærarutdanning ved Høgskulen i Sogndal (3GLU). I veke 6 skal dei ha rettleia praksis og i veke 8 og 9 skal dei ha skuleovertaking, dvs. at studentane skal få prøve å drive skulen sjølve. Vi har no sendt ut eit informasjonsskriv til alle heimane om dette, men du finn det også her.

Vi ønskjer studentane lukke til i deira praksis, og ser fram til lærerike veker for både elevar, studentar og lærarar!

Informasjon om eksamen 2016

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Eid ungdomsskule ynskjer føresette til elevar på 10. trinn velkomne til informasjon om eksamen våren 2016. Du finn litt info her på heimesida under 10. trinn/mappe eksamen og så vil du få meir info her

Uver idag 29. januar

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Det er meldt litt dårleg ver i løpet av dagen.

Vi held skulane og barnehagane som vanleg.

Ny beskjed kan verte gjeven om det skjer store endringar i løpet av dagen.

Snøaktivitet i 10C

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Leik i snøen og rugby var tema i kroppsøving i 10C idag. Herleg gjeng!

077 1024x768