Strikkhopping i 10C!

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

009 2

Studentane Sigrid og Mona hadde eit spennande opplegg for løysing av likningar; Barbiedukker som skulle hoppe i strikk. 

004 2014 2

Besøk av forsvaret

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

042027

Onsdag 28. oktober hadde 10. trinn besøk av forsvaret. Alle var samla i idrettshallen der dei mellom anna fekk informasjon om utdanning innan forsvaret. Elevane fekk på seg uniform, og vart delt inn i lag som skulle løyse ulike samarbeidsoppgåver.0182

Framsyning Sal & Scene

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

I dag er heile gjengen på Sal & Scene klare for framsyning! Over 80 elevar, fordelt på 8 grupper, skal ut på reise gjennom musikken frå 50-, 60-, 70- og 80-talet. Vi får både sjå og høyre smakebitar frå musikkhistoria, slik elevane trur det var.

På dagtid køyrer vi generalprøve, før vi startar framsyninga kl. 18.30 i kveld!

038 redusert 

Teknologi i praksis

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Teknologi i praksis

Konkurransedagen for First Lego League nærmar seg med raske skritt. Torsdag gjennomførte «robotgjengen» ved EUS konkurranse i robotkøyring. Seks lag stilte til start for å konkurrere om tre plassar i finalen laurdag 7. november. Etter ein hard konkurranse vart plassane fordelte, og elevane vart delte i tre lag. Laga frå EUS er The begers, Containermat og Papirus. Håpar mange kjem og heiar på oss laurdag 7. november i Operahuset.

 

1

2

3

Rødhette og ulven på tysk

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

Tyskelevane på 8. trinn har hatt dramatisering av Rødhette og ulven. Dette gjorde dei med innleving og stort engasjement! Her er ei av gruppene som var med :)

Tysk 4 ny 

Natur, miljø og friluftsliv i arbeid

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Natur miljø og friluftsliv komp

Valfaget Natur, miljø og friluftsliv har i løpet av to veker rydda stien opp mot Slitta. Elevane viste stort engasjement og pågangsmot, slik at stien blei kjempeflott. Eid ungdomsskule ynskjer deg ein god tur!

 

Teknologi i praksis

. i kategorien Nyheiter

Elevane som har valfaget teknologi i praksis skal ha langdagar torsdag 29. oktober (til kl. 17.30) og 5. og 6. november (til kl. 17.00).

Laurdag den 7. november er det FIRST LEGO League-turnering i Operahuset på Eid. Det blir spennande!

Sal og scene

. i kategorien Nyheiter

Elevane som har sal og scene som valfag skal ha langdagar torsdag 29. oktober (til kl. 19.00) og torsdag 5. november (til kl. 21.00). 

Det vert forestilling for føresette torsdag 5. nov. kl 18.30 på ungdomsskulen. Då skal elevane få vise fram kva dei har arbeidd med i haust 

Jente- og gutedag på 10. trinn.

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Tysdag 29. september hadde vi jente- og gutedag på 10. trinn. Meininga med slike dagar er å betre miljøet blant elevane.

Vi sette fokus på ulike tema, mellom anna baksnakking, klikk-danning, utfrysing og gruppepress, og korleis ein skal handtere slike problem. Elevane måtte reflektere rundt ulike problemstillingar. Målet var å gjere dei meir bevisste på korleis ein bør oppføre seg i høve til både medelevar og andre.

Etter diskusjon i smågrupper vart alle samla til svelekos og fysisk aktivitet ute i finevêret.

IMG 5834

 

LÆRARSTUDENTAR I PRAKSIS VED EUS

. i kategorien Nyheiter

Vi har gleda av å ta imot heile 38 lærarstudentar i vekene 42 – 44. Dette er tredje års studentar frå Høgskulen i S&Fj som skal avvikle 3 vekers praksis hos oss. Dei fleste av studentane kjem igjen på nyåret. Då skal dei ha praksis i veke 6, før dei tek over skulen i veke 8 og 9. Vi ser fram til lærerike og spennande veker for både elevar, studentar og lærarar.