Uver idag 29. januar

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Det er meldt litt dårleg ver i løpet av dagen.

Vi held skulane og barnehagane som vanleg.

Ny beskjed kan verte gjeven om det skjer store endringar i løpet av dagen.

Snøaktivitet i 10C

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Leik i snøen og rugby var tema i kroppsøving i 10C idag. Herleg gjeng!

077 1024x768

Endra skulerute frå 4. januar Måløy-Nordfjordeid

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Skuleruta kl. 07.30 frå Måløy til Nordfjordeid vert frå 4. januar framskunda. Ny avgangstid vert kl. 07.20. Dersom du tek Måløybussen må du møte opp på holdeplassen 10 min tidlegare frå 4.01. enn du gjorde før jul.

Vel møtte til vårsemesteret 2016!

Juleball på EUS 2015

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

juleball 2015

Torsdag den 10. desember var det juleball på hotellet for EUS, der var det ein heil del elevar, over 200 stk, og 7 foreldrevakter.

Det var middag kl. 19.30 med både hamburger, pizza og taco og maten smakte godt.  Etter det var det litt fritid før musikken starta kl. 20.30 styrt av innleigd DJ. Til slutt var det kåringar av forskjellige prisar før ballet slutta 00.30.

Det var ein kjekk samankomst med god stemning og god mat.

 

Juleavslutning på kjøkkenet

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Tradisjonen tru har vi juleavslutning på kjøkkenet med 9. trinn før jul. Kontaktlærar blir invitert til avslutninga. Elevane dekkar fint festbord og serverer graut  og julekaker. Kakene, minst sju slag, vart laga i forrige veke. Maten smakte godt og det vart ei triveleg stund rundt matbordet. 

IMG 5882 800x600 IMG 5879 800x600

Øving til juleprogram

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

IMG 5865 komp

9. klasse er i full sving med øving til juleprogrammet. Torsdag 3.desember var trinnet ein heil dag i Valhall og øvde på fellesdans. Det vart ein travel, men kjekk dag. Instruktør Benedicte Sætre ga gode tilbakemeldingar til gjengen. I tida framover vil ein øve både på dans og anna program. Heldigvis er det litt tid igjen før den store framsyninga. Elevane vil vise programmet for resten av skulen på dagtid torsdag den 17.desember, og for familie og vener same dag kl. 18.30 i Operahuset. Det skal bli kjekt å sjå det ferdige resultatet :) 

IMG 5874 komp

Haustgildet - Arbeidslivsfag 9. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Torsdag førre veke gjennomførte arbeidslivsfag på 9. trinn det årlege haustgildet. Vi hadde 15 gjestar til bords der vi serverte ein flott 3-retters middag. 

IMG 2244

IMG 2246

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

IMG 2241

Juleball

. i kategorien Nyheiter

Det er snart jul og tid for juleball! Torsdag den 10. desember blir det arrangert juleball for EUS på Nordfjord Hotell. Frist for innbetaling er torsdag 26.november. Elevane har fått med seg eit skriv heim om arrangementet, men du finn det også her. Vå håper så mange som mogleg har høve til å delta!