Skulestart 2015

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Rektor ynskjer elevane velkomne til skulestart 2015. Lykke til med eit godt skuleår på Eid ungdomsskule!

IMG 5788

God sommar og velkomne tilbake til skulestart!

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Elevar og tilsette tek no ferie og vi ynskjer alle velkomne tilbake til nytt skuleår i august.

Skulestart for elevane er 17. august kl. 08.50. Tilsette møter 11. august kl. 08.30 for kurs/planlegging.

Vel møtt!

Teknologileir

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

I sommar arrangerer Pro Opplæringskontorert teknologileir for ungdom i Sogn og Fjordane.

Leiren har utgangspunkt i faga frå Teknikk og Industriell Produksjon, men er tilpassa elevar frå ungdomsskulen og har fokus på å ha det kjekt med faga.

På leiren vil deltakarane mellom anna få prøve robotprogrammering, 3D-teikning og sveising.

Det blir i år to leirar: Veke 28 i Førde og veke 32 i Stryn – med program frå måndag til fredag(09.00-16.00)

Vi håper at leiren vil gi ungdommar eit betre innblikk i industrifaga, samtidig som fokuset er å ha det kjekt!

Vi hadde derfor satt stor pris på om skulen delar ut den vedlagde invitasjonen til elevane i ungdomsskulen!

For meir informasjon sjå: http://pro.sf.no/teknologileir/

Ballturnering 8. trinn

. i kategorien Nyheiter

Onsdag før lunsj, var heile 8. trinn i idrettshallen og hadde ballturnering. Dei ulike aktivitetane var basketball, landhockey, volleyball og fotball. Elevane vart delt inn i ulike grupper på tvers av klassene, og dei viste stor idrettsglede, entusiasme og deltaking.

Ballturnering juni 15 084

Ballturnering juni 15 085

Munnlege prøver 8. trinn

. i kategorien Nyheiter

Denne veka får elevane på 8. trinn prøve seg på munnlege prøver både i matematikk og i norsk. Elevane går opp parvis, og har fått bruke tid på skulen til førebuing. Mange fine plakatar er laga, og elevane viser gode samarbeidsevner. Elevane får nytte matematikkspråket, fordjupe seg i matematiske emner, forfattarar og tekstar. Ei god og nyttig erfaring for både elevar og lærarar.

IMG 3861

IMG 3865

IMG 3866

IMG 3873

IMG 3872

IMG 3867

Takk til 9AB gjengen

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

9AB avslutta idag med å lage kortreist mat til dessert. Flotte elevar kjem eins ærend opp til kontoret og serverar dessert til Laila. Nylaga rabarbragraut med sukker og litt mjølk til. Nydeleg og dei fortenar høg måloppnåing som tenkjer på å dele med oss andre!

Smuring i kvardagen frå B gjengen

Matematikk tentamen 8. trinn

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Elevane får prøve seg på tentamen i matte idag. Det var roleg stemning og god arbeidsmoral i klasseromma. Lykke til!

IMG 5766IMG 5767

Festmåltid på 9. trinn

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Denne veka har mat og helse faget avslutning på kjøkkenet. Elevane har gjennom året fått god innføring i kvardagsmat og denne veka står borda dekka til fest. Elevane får med seg god innføring til å dekke bord og korleis opptre ved festbordet. Fleire bilde kjem etterkvart ....

IMG 5747IMG 5753

Storyline 1800 - talet

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

8. trinnet har hatt storyline om 1800 - talet. Dei har m.a. jobba med Grunnlova, Wergeland og utvandringa til Amerika. I denne perioden har dei teikna hus, flagg + jobba med dramtasiseringar om denne tida. Vi har fått sett mange gode rollespel om korleis folk på Eid hadde det på 1800 - talet. Emnet vart avslutta med ein fin dag i Malakoff der elevane kledde seg ut og fekk prøve seg på  gamle leikar. Dei fekk m.a. prøve seg på  kubbespel, tautrekking og sekkeløp. Dagen vart avslutta med grilling i Jektehola. Sjølv om været ikkje var det beste, så vart det ein fin dag i Malakoff. 

IMG 1595

IMG 1562

IMG 1557

IMG 1463

IMG 1468

IMG 1531