Framføring i valfaget Sal & Scene!

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Torsdag 7. mai er alle dei 96 (!) elevane på Sal & Scene klare for å vise fram resultatet av valfaget sitt denne våren. Faget har vore delt i to, slik at elevane kunne velje mellom digital produksjon og musikk/dans/drama. 

Når ein lagar slike framføringar, er det viktig å få vise dei for eit publikum. I haust var det barnehagane som fekk besøk, og fekk sjå kreative og fantasifulle barneforestillingar som elevane hadde laga sjølve.

Denne gongen har vi invitert alle 7. klassingane i kommunen til forestillinga, og vi gler oss til å vise dei kva elevane på Sal & Scene har laga og øvd på dei siste åtte vekene!  

VELKOMNE!

 

Oppsummering årsmøtet 9. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

 

Torsdag 23.04 arrangerte foreldrekontaktene trinnets årsmøte i samarbeid med lærarane på 9.trinn.

Vi starta kvelden med at elevane fekk syne dei frammøtte ulike presentasjonar av arbeid, turar og prosjekt dei har gjennomført i dette skuleåret. Vi trur at foreldra fekk eit godt innblikk i kvardagen til elevane, og vil gi elevane mykje skryt for måten dei leverar på foran eit så stort publikum, imponerande!

Etter elevane kom rektor og Webjørn Moa frå politiet med litt info knytt til ANT undersøkinga på skulen og ungdomstida sine val som no ligg framføre våre kjære elevar. Det var ei lydhøyr forsamling som fekk eit fint innblikk i resultata frå spørjegranskinga, samt høyre politiet sitt positive inntrykk av dagens ungdom i bygda.

Deretter bar det ut til eit bugnande langbord med mat til ein kvar smak. Foreldra hadde bestemt at dei skulle stille med eit fat kvar, og dette skapte eit gilde som hotella kan vere misunnelege på :-) Elevar og foreldre tok så med seg mat, og gjekk til diskusjonsgruppene sine. Resultatet av desse diskusjonane kan de finne i linken under. Her vart det diskutert arbeidsvanar, motivasjon og framtida for våre kjære ungdomar.

Til slutt avslutta vi eit flott årsmøte ved at foreldra møttes klassevis og gjorde unda val av foreldrekontakter for skuleåret 2015-2016. Dette gjekk som ein nysmurd plenklipparmotor på våren, så då kunne alle traske nøygde heim.

Vi takkar for frammøtet og ser fram til vidare samarbeid :-)

Mvh Lærarane på 9-trinn

Oppsummering årsmøtet 9. trinn

Arbeidslivsfag 8. trinn!

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

Arbeidslivsfag på 8. trinn har den sitste perioden jobba med fuglekassebygging på sløyden. Resultatet av arbeidet kan du sjå på biletet under. Nokre av kassene vert tekne med heim, medan andre er donert til bruk i valfaget natur, miljø og friluftsliv.  

 

IMG 3740

Oppsummering trinnets årsmøte 10.trinn

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

 

Onsdag hadde 10. trinn trinnets årsmøte. Elevane innleia møtet med å vise fram litt av det dei har dreve med siste året. Rektor Norunn Kjøsnes fortalde kort om årets ANT-undersøking ved skulen, og lensmann Vebjørn Moa held eit innlegg om rus til både foreldra og dei flotte tiandeklassingane på Eid. Elles vart det ei god mat- og diskusjonsøkt. Oppsummeringa av denne kan du lese her:

Oppsummering TÅ 10.trinn

I tillegg hadde elevane stilt ut nokre av arbeida som er laga i kunst og handverk i år. Nokre fleire bilete frå utstillinga kan du sjå i fotoalbumet

khutstilling10trinn 1 20150417 1481688900

Trinnets årsmøte 9.trinn

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Vi inviterer med dette elevar og føresette til trinnet sitt årsmøte

torsdag 23.04.15 kl. 18.30 – 20.30.

Tillitselevar, foreldrekontaktar og kontaktlærarar har saman planlagt møtet.

Sakliste:

  • Fellesøkt i mediateket
    • Innlegg frå elevane sin kvardag ved skulen, og prosjekt vi har vore med på.
    • Kort innlegg frå rektor om rusundersøkinga på skulen.
  • Diskusjon i grupper m/ servering
    • Relasjon lærar – elev – heim ( Arbeidsrutiner, dialog o.l.)
    • Studieteknikk -> Overgangen til vidaregåande og utvikling av gode studieteknikkar gjennom ungdomsskulen.
    • Motivasjon

Då vi planla møtet vart vi samde  om at foreldre/føresette tek med eitt fat med mat, samt ei kanne kaffi. Det vil bli laga til eit langbord ved mat og helse sine undervisningsrom. Elevane må ha med seg drikke. Skulen held koppar, serviettar og fat.

Lærarar, tillitselevar og foreldrekontaktar på 9.trinn ønskjer alle velkomne!

 

Oppsummering av trinnets årsmøte 8. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

Tysdag 14.april hadde 8. trinnet sitt årsmøte. Vi starta kvelden med eit foredrag, for dei førestte,  av Per Ståle Husevåg om rus. Etter foredraget var det informasjon og underhaldning ved elevane. Dei avslutta denne økta med eit fengande Melodi Grand Prix potpurri, som vart framført med stort engasjement. Etter matøkta var det gruppediskusjonar rundt temaet "Kva kjenneteiknar eit godt skulemiljø". Det var mange gode diskusjonar og innspel frå frå elevar og foreldre. Desse innspela tar vi med oss vidare i arbeidet med å få til eit godt skulemiljø. Oppsumeringa av gruppediskusjonane finn du her. 

Utstilling av kunst og handverksprodukt

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Så mange fine elevprodukt er å sjå i "nyegangen" idag. All ære til dei som har gjort sitt beste for å lage fine handverksprodukt og til dei som har lagt om tradisjonen til å vise det no på trinnet sitt årsmøte. Lykke til!

IMG 5719IMG 5714

IMG 5725IMG 5732

Og endå mykje meir fint er å sjå.

Allsidig leik i ballbingen

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

1. og 2. friminutta mandag og onsdag er ballbingen no reservert for hanball. Ballane finn elevane i ballboksen på elevrådskontoret og der skal dei leverast etterpå også.

Mange nye ansikt å sjå idag i leik. Kjekt!

Handball 150415

Og ikkje før var friminuttet omme så var 9. trinn igang med basket i gymtimen.

Gym på 9 trinn

Leikeborg

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Stolt elev med fint handverksprodukt. Så bra jobba!

IMG 5711

8.trinnet sitt årsmøte

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

Tysdag 14. april skal 8. trinnet ha sitt årsmøte. Først vil det bli informasjon om rus ved Per Ståle Husevåg for dei føresette. Deretter blir det informasjon og underhaldning ved elevane i mediateket, før vi avsluttar kvelden med mat og gruppediskusjonar om skulemiljøet. Vi vil også velje nye klassekontaktar. Programmet startar kl. 19.00. Vel møtt!