Musikalen "Skjult"

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Elevar på valfaget sal og scene skulle etter planen framføre musikalen «Skjult» i Operahuset Nordfjord 26. og 27. mars. Skulen har i samråd med smittevernlege vedteke å utsetje musikalen på ubestemt tid. Kjøpte billettar vil gjelde ved flytting.

Vi kjem tilbake med meir informasjon når vi ser korleis situasjonen utviklar seg, men vi har alle eit sterkt ønskje om at elevane skal få framføre musikalen.

Open skule ved Eid vidaregåande skule

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Onsdag den 29. januar inviterer Eid vidaregåande til "Open skule" kl. 17.00 - 20.00. Både elevar, foreldre og lærarar frå ungdomstrinnet er inviterte.

Sjå invitasjon HER

Juleferie for elevar

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Siste skuledag på EUS før jul blir torsdag 19. desember. Lærarane har planleggingsdag fredag 20. desember. Første skuledag i 2020 er måndag 6. januar.

Nye telefonnummer til EUS

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Før helga vart vi merksame på at telefonlinjene våre var defekte. Telenor er slutta å reparere kobbarkabel og vi er frå idag av å treffe på:

Eid ungdomsskule finn de på: 

Sentralbord: 94 85 10 01

Rektor Norunn Kjøsnes: 48 26 81 41

Ass. rektor Tanja Jacobsen: 48 22 62 07

Rådgjevar Sveinung Alværn: 90 06 73 58

 

 

 

Haustgilde 2019

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Elevane på arbeidslivsfag 9. trinn har jobba med innhausting av lokale råvarer sidan skulestart. Iløpet av desse månadane har dei laga, pølser, hermetisert frukt, saft, gele m.m. I dag inviterte dei gjestar til festmåltid på skulen. Sjå glimt frå festmåltid der inviterte gjestar fekk seg ein herleg 3 rettes meny. Bordet var pynta til fest og maten var fint tillaga og servert. Flinke ungdomar som har fått med seg mykje god læring via dyktige lærarar. Takk frå oss som var heldige å få vere gjest!

IMG 0400 640x480IMG 0401 640x480

IMG 0405 640x480IMG 0407 640x480

Foreldremøte 10.trinn

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Vi inviterer til foreldremøte for 10 ABC torsdag 5.september kl 19-20. Oppmøte i auditoriet. Sakliste finn de her