Besøk av forsvaret på 10. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Forsvaret har hatt rekrutteringsbesøk på skulen vår. Alle 10. klassingane fekk høve til å sjå litt av kva forsvaret har å tilby, og det var ei god blanding av teoretisk informasjon og praktiske øvingar. Elevane blei verkeleg utfordra på det å løyse utfordringar i lag, og det var mange kreative løysingar og mykje godt samarbeid å sjå! 

IMG 5496 IMG 5502
IMG 5507 IMG 5523

Spor frå fortida...

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

Kjeldearbeid i samfunnsfag 8A  Kjeldearbeid i samfunnsfag gutar 8A

Elevar på 8. trinn har denne veka arbeidd med temaet «Historiske kjelder» i samfunnsfag. Dei jobba i grupper og fekk utdelt fleire gamle gjenstandar. Oppgåva var å finne namnet og alder på reiskapane, og eventuelle moderne erstattarar som ein brukar i 2014. Dei fekk blant anna undersøkje vaskebrett frå 1950, alen frå 1800-talet, skøyter frå 1914, audio og videokassettar frå 1990-talet, gamalt kjøkkenutstyr og skrivesaker. Dette var ei praktisk og interessant øving. Elevane viste stort engasjement i arbeidet!

Valfaget sal og scene

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

I år har vi nesten hundre elevar på valfaget sal og scene! Dei er no i full sving med oppgåva si: å lage ei musikalsk dramaframsyning som skal visast i barnehagane.

Det har ikkje mangla på fantasi undervegs og publikum vil møte mange ulike figurar på scena. Her vil det dukke opp kjenningar frå barnesongar, film og barne-tv, men og figurar som elevane har dikta opp sjølve.

Neste veke er det full generalprøve med sminke og kostyme, før barnehagane får besøk i veke 45. Det gledar vi oss til!    

IMG 2166 red ny

Førstehjelpskurs

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Alle tilsette ved EUS vart kursa i førstehjelp i haust. Sjå berre her:

IMG 5441  IMG 5447

Hospitering for 10 klasse - 27. og 28. oktober

. i kategorien Nyheiter Rådgjevar

Måndag 27. oktober og tysdag 28 oktober er det hospitering på vgs. for 10. klasse. Lærarane har oversikt over kven som skal på dei ulike skulane og dei ulike utdanningsprogramma. 
Dei vidaregåande skulane har lagt ut viktig informasjon om hospiteringa på heimesidene sine (sjå lenker under).

Det er viktig at både elevar og lærarar får denne informasjonen før ein reiser. Enkelte elevar skal t. d. ha med seg ulike typar kle.

Hospiteringa varer stort sett frå kl. 10.00 til 15.00. Detaljerte tidsskjema finn de på lenkene under. På Firda blir det lagt opp til at ein kan ta bussen som går tilbake til Eid kl 14.55

Lenke til dei ulike skulane:

Rådgjevar bestiller plass på bussane. Reiserute til dei ulike skulane frå rutebilstasjonen på Eid er slik :

Stad Tur Retur Lærar som blir med måndag
Lærar som blir med tysdag
Sandane 08:45 14:55  Ingebjørg  Ingebjørg / Solveig R.
Stryn 08:40   15:30  Lise  Roar
Måløy 08:45

Måndag: Kl 14:25 frå Tennebø,vgs
Tysdag : Kl 16:05 frå Tennebø,vgs

 Ole Kari 
 Mo  07:20  15:30 (tysdag)    

Desse tidene gjeld begge dagane.

  • Det er bestilt plass på bussane frå Eid. 
    Alle elevar som skal til Stryn vgs på hospitering, MÅ følgje Nordfjordexpressen. Den er på Eid kl. 08.30. Skal ein følgje denne bussen må ein sjølvesagt kome seg til riksvegen i tide og for eiga rekning. DET ER VIKTIG AT EIN GJEV SKIKKELEG TEIKN TIL BUSSEN OM AT EIN VIL FØLGJE DENNE BUSSEN.
    Dei elevane som kjem frå Hjelle og som skal til Stryn, kan gå på Nordfjordexpressen på Hjelle.
  • Dei elevane som bur på Hjelle og som skal på hospitering på Firda vgs eller Måløy vgs., kan følgje skulebussenbussen. Desse bussane SKAL korrespondere med bussen til Sandane og Måløy.
  • Elevane som skal hospitere på Eid vgs. møter til vanleg tid på ungdomsskulen kl. 08.50. Ein går i lag til vgs. ca. kl. 09:45.

HOSPITERING PÅ EID VGS:
Dei elevane som rekk skulebussane frå ungdomsskulen kl. 14.35, følgjer sjølvsagt den vanlege bussen. Hugs busskort!

Lærarane i dei ulike klassane vil informere elevane om kvar dei skal og kven som skal vere med av lærarar. Er det noko som er uklart, MÅ ein ta kontakt med kontaktlærar / dei lærarane som skal til dei ulike skulane.

Er det noko som er uklart, MÅ elevane spørje lærar eller rådgjevar. 

Peder :)

Internasjonalt samarbeid

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

IMG 2160 redValfaget Internasjonalt samarbeid har fått til eit flott samarbeid med innføringsklassa på Eid vidaregåande skule. Torsdag 16.10. spelte vi basketball med svært god instruksjon av Gytis Kaminskis frå Litauen. Han har tidlegare spelt på landslaget i Litauen og hadde mange gode tips. Det var tydeleg at dette var ein felles aktivitet som fenga elevane!

 IMG 2162 red

 

Bli Kjend Kveld 8.trinn hausten 2014

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

I veke 39 hadde 8.trinnet Bli Kjend Kveld på skulen. Elevane hadde laga eit variert og godt program, som dei viste fram for dei føresette. I tillegg hadde vi besøk av rektor, som holdt ei lita tale. Vi kosa oss med masse god mat og til slutt var det diskotek på musikkrommet og sosial prat i mediateket. Alt i alt var det ein kjempekjekk kveld :)

2001 haust 214kl

Hugs Bruk Hue møte ikveld!

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Alle føresette til elevar på 8., 9. og-10. har fått invitasjon til å lære meir om den digitale kvardagen barn- og unge lever i. Bruk hue kampanjen - Norges største kampanje mot digital mobbing inviterar til stormøte i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule ikveld kl. 18.00-19.30. Møt opp!