GeoGebra

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

10. trinn starta opp siste halvåret ved EUS med kurs i Geogebra v/Sigbjørn Hals. Det gjekk leikande lett å teikne grafar no!!

IMG 5621

Teikneserieverkstad

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

IMG 5628

I veke 2 og 3 har Eid ungdomsskule besøk av cartoonist Tore Strand Olsen i regi av Den kulturelle skulesekken. Han held teikneseriekurs for alle elevane på skulen. Denne veka har det vore  8. trinnet som har fått prøvd seg på å lage sine eigne teikneseriefigur. I tillegg har elevane funne på morosame historier som Tore Strand Olsen har teikna – det vart mange festlege teikningar! Ingen ting å seie på kreativiteten. Etterkvart vil dei ulike seriane bli å finne her.

Fleire bilete kjem om litt i fotoalbum, men her ser du 8a sitt produkt.

eid 8a

GOD JUL!

. i kategorien Nyheiter

Tilsette ved Eid ungdomsskule vil takke alle for eit godt samarbeid året 2014!

Ei spesiell takk til 9.-trinnet for ei flott juleavsluting i Operahuset.

Vi ønskjer også alle saman ei riktig god jul og eit godt nyttår! 

Skulestart for elevane: Tysdag 6. januar

Skulestart for lærarane: Måndag 5. januar

IMG 1383091443035421

 

Juleverkstad på 8.trinn

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

Det nærmar seg juleferie og elevar og lærarar på 8. trinn gledar seg til julehelg! I dag, 17. desember, har vi kosa oss med juleverkstad. Elevane har vore på kjøkkenet og baka pepparkaker, dei har laga julestjerner og julekort på forminga og dei har vore på fysisk aktivitet i hallen. Dagen avslutta vi med felles samling i auditoriet, sjølvsagt med gløgg og julebakst på menyen.

 

IMG 0994

IMG 0995

 

IMG 1008

 

IMG 1012

 

IMG 0984

Juleball

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Torsdag 11.desember var det klart for det årlige juleballet på Nordfjord Hotell. Det var mange elevar som hadde meldt seg på. Det var først god mat, taco, pizza og diverse anna. Elevane koste seg og det var god stemning ved borda. Det var etterkvart klart for dansing med DJ. Elevane kunne kome med ønskjer til kva musikk dei ville høyre. Det var god stemning og elevane dansa og song for full hals. Det var kåring av konge og dronning, kronprins og kronprinsesse, prins og prinsesse, solstråle, turteldue og danseløve. Det var ein vellykka kveld og det virka som at alle elevane kosa seg veldig. Vi gledar oss allerede til neste år! J

jauleball 1

juleball 3

juleball 2

 

 

Stine og Maria :)

 

Jul i 8 klasse

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

På tysdag i veke 50 har elevane på 8 trinn pynta klasseromma sine til jul. Mange fekk vise fram sine kreative sider og klasseromma blei kjempefine! GOD JUL frå 8 klasse!

IMG 0941

IMG 0942

IMG 0951

IMG 0949

 

 

Juleavslutning på kjøkkenet - 9. trinn

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Elevane på 9. trinn  har avslutta fyrste halvår på kjøkkenet denne veka. Dei har laga julekaker, julegraut, pynta fint festbord, vaska og rydda. Kontaktlærarane har vore  inviterte til ei koseleg feststund i lag med dei. Godt jobba alle mann! 

IMG 5559 IMG 5573
IMG 5602 IMG 5599

Adventskos på 8.trinn

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

Mandag denne veka starta den årlege adventstida. På 8. trinn har elevane laga adventskalendarar med ein liten vri. 8a hengte opp pepperkaker med melisglasur, 8b skreiv dikt i tillegg til å ha forslag til dagens avbrekk, og elevane i 8c skreiv fine ord om kvarandre. Ein koseleg førjulsaktivitet.

 

IMG 0905

 

IMG 0912

IMG 0915

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fakkeltog mot mobbing

. i kategorien Nyheiter

Over heile landet vart det søndag arrangert fakkeltog mot mobbing. På Nordfjordeid møtte ca. 300 personar opp i fakkeltog etter initiativ frå Siri Sandvik. Toget gikk frå  Eid kyrkje til Maurstadparken der det var appellar ved Åslaug Krogsæter, Mary Ann Refseth, Eli Førde Årskog og  elevrådsleiar ved EUS Martha Pavelich.

At mange unge blir utsett for mobbing kvar dag, er heilt uakseptabelt. Skulen har nulltoleranse for mobbing. Det skulen får kjennskap til tek vi tak i, likevel veit vi at mobbing skjer. Dersom vi skal klare å setje ein stoppar for mobbing er det viktig at alle vaksne tek ansvar. Skulen har klare reglar å gå etter for å handtere mobbing, men skulen åleine kan ikkje klare å setje ein stoppar for at barn og unge blir utsette for krenkande ord og handlingar. Det er viktig at alle vaksne, føresette og leiarar for ulike fritidsaktivitetar, står saman og tek ansvar. Barn og unge skal vite at vaksne er der for dei. Dei unge skal kjenne seg trygge og kvar dag kunne  glede seg til å gå til barnehage, skule og fritidsaktivitetar.

Les den tankevekkande appellen til elevrådsleiar Martha Pavelich HER