Takk for oss!
Vi PPU fulltidsstudentane frå Høgskulen i Volda, Kariann, Ida Mari og Ann-Elin, har fullført vår praksisperiode ved EUS. I 5 veker (v. 42-46) har vi vore så heldige å få undervise ein fantastisk elevgjeng på 8. trinn i norsk, engelsk, RLE og samfunnsfag.
Saman har vi fått mange nye erfaringar og vi har blant anna arbeidd med:
- rollespel i engelsk (eventyr) og norsk (soga om Gunnlaug Ormstunge).
- veggavis (norrøn plakat i norsk).
- debatt i norsk.
- I tillegg har vi hatt klasseromsdiskusjonar i samfunnsfag og RLE.
Vi har fått vere med å utforme prøver og måltestar, fått prøve oss på vurdering i alle våre fag, og har lært mykje av dette.
Vi kjem til å sakne denne livlige og glade elevgjengen, som vi er blitt svært glad i. Vi vonar dei har hatt like mykje glede av oss, som vi av dei.
Tusen takk for oss.
Kariann, Ida Mari og Ann-Elin.
(Bileta er i frå norsk dramatisering i 8BC og norrøna plakatar frå 8A)